tirsdag 12. oktober 2021

 Yes - kva skal eg seie. Litt politikk i dag. 

- Eg funderer vidare på fyrste halvdel av 1900-talet. Tysk nasjonalsosialisme var - som det ligg i namnet - tysk (--> anti-jødisk), nasjonalistisk og sosialistisk. Alt saman saker og oppfatningar som vart breitt dela av den tyske befolkninga i mellomkrigstida. (Sjå Robert Gellately for veldig interessant og overdue analyse). Diktatoren var såleis meir eit symptom enn ei årsak. Ustabiliteten i Europa i mellomkrigstida var også "gjeve" og knapt mogleg å endre. (Økonomisk depresjon, kommunistisk revolusjon, kolonialisme/industrialisme/kapitalisme/sekularisme/mekanistisk metafysikk, nasjonar i krig). Problemfeltet må analyserast ut frå djupare historiske premiss, så no gjev eg meg på nytt i kast med det 19. århundre. "Pursuit of power", Richard J Evans; "English and their history", R Tombs. Eg kjenner naturlegvis epoken, men eg vil sjå på den med friskt blikk. For om mogleg å sjå klårare kva som er dei gode og mindre gode vegane for samfunnet. (På nokre vis kan ein sjå ei linje som går frå kapitalisme, kolonialisme, imperialisme, politisk religion - og jamvel vidare til nyliberalisme og moderne utviklingsarbeid. Men kva er alternativet?)

- Ei relatert problemstilling som eg funderer på, i endringstider. Kva skal ein seie om bedehusets former? Bedehuset sprang ut av visse idéhistoriske, sosiologiske etc. premiss. (Sjå Olaf Aagedal; Harald Hegstad; Louis Bouyer m. fl.) I dag er bedehusrørsla i motbakke, og tidene har endra seg. Kva skal rørsla så gjere? Halde på vidare i same form? Respondere kreativt på samtida, i kontinuitet med eigen tradisjon? I praksis har bedehusrørsla gjort det siste, i mange tiår allereie. Skjønt: Kontinuiteten har faktisk stundom vore meir i "former" og "prinsipp" enn i innhald. Om nokon skal kommentere, kan ein gjere det slik: Lag ditt perfekte kristne møte. Ikkje gudsteneste, men kveldsmøte. Kva er bestanddelane, breitt forstått? Kva går føre seg på møtet? (Fargar, former, riter, tekstar, bøner, klede, mat, aktivitetar, sosialt, praktisk, stad, musikk etc.) Du har fullstendig frie tøylar, så lenge du held deg innanfor ortodoks kristen tru. 


7 kommentarer:

  1. Heilt overordna -hovudproblemet er at me (eller for mange av oss) har snudd ryggen til Gud. Me ser difor ikkje at alt (inkl. tysk nasjonalsosialisme og andre høgst ufullkomne fenomen frå 1900-talet) er ein levande organisme, Guds arbeid under utvikling (works in progress). Istadanfor har me eit snevert og avgrensa syn på eksistensen, der me kritiserer Gud for å tillate vondskap (dualisme). Vegen vidare går gjennom oppheving av illusjonen om separasjon. Det finst gode verktøy for dette i fleire av visdomstradisjonane. Når me blir transformerte, og hjarta opnar seg, erstattast sinnet mot Gud/omverda med kjærleik. Der går vegen vidare. Men det krever hardt indre arbeid hos den einskilde, der ein må overvinne eigen motstand mot endring.

    Mine ønske for kveldsmøte er å starte med minimum 0,5 time med sentreringsbønn (eit møte med Gud i meg sjølv, i den store stilla),gjerne innleia med t.d. kroppsskanning (for å lande i seg sjølv) og Fadervår, og med eit slag på syngebolle som markerer start og slutt for den stille halvtimen. Bruke nokre minuttar på å vende tilbake, for å "ta med seg" litt av stilla. Etterpå kan ein dele kva ein kom i kontakt med under meditasjonen, om ein har lyst til det (der ein kan dele av sitt indre, er Gud tilstades). Så kunne det kanskje vore fint å avslutte med t.d. litt lovsang, eller nattverd. Evt. kan nattverd erstattast av andre rituale etter behov, t..d. heilaggjeringsrituale (slik at menigheten kan ta med seg ting heimanifrå som dei vil ha heilaggjort). Alt dette kunne med fordel skjedd i eit heilagt rom, med alter, ikon, røykelse, evigheitsljos (frå katolsk tradisjon-viser at nattverdssakramentet er tilstades), vievatn (til å teikne korsets teikn med på veg inn). Gjerne innreia i tråd med visdomstradisjon (t.d. når det gjeld plassering av alter osb.). Det er også fint å vise respekt for rommet ved å ta av seg skoa før ein går inn, og "helse" alteret på veg inn og ut. Om ein har tid kunne ein ha ete kveldsmat ilag etterpå, då fortrinnsvis i eit anna rom. Er dette innanfor ortodoks kristen tru?

    SvarSlett
  2. Bedehusets former – jeg deler inntrykk, og kommer ikke med noen analyse. I tenårene var jeg på bedehuset, for der var det et fellesskap på tvers av generasjoner, det var rom for å falle på kne og be, snufse litt, om en hadde trang til det. Det hadde sin rytme, sin liturgi, om du vil, med faste ledd i møtet: Velkommen, åpning med bibelord, allsanger, solosang, tale – ofte lang tale. Bønn. Sang. Avslutning.
    Det var her de troende samledes, delte sinn tro og styrket hverandre i troen. Det var litt opplæring i bibelgrupper blant oss unge.
    Lysblågrå malte vegger, stoler og benker.
    Det var allerede da litt gammelmodig, men det gjorde ikke noe.
    Det var innholdet, levd tro og liv, vi kom dit for.
    Sant å si var jeg ikke ofte i gudstjenesten i kirka. Den var søvndyssende, og jeg hadde ikke noe forhold til liturgien den gangen. Det hele virket stivt og dødt på meg. Det var ingen kontakt mellom meg og de andre, ingen kirkekaffe e.l. Det var ikke noe fellesskap, bare et ritual. Og jeg følte meg litt prektig, om jeg jeg gikk dit.

    Og nå da, hva med bedehuset nå? Jeg er ikke den som kan uttale meg best, for jeg går så sjelden. Hvorfor blir det så sjelden? Jeg var med sist søndag. Greit nok, men... Velkomst, åpning, sang, soloinnslag, en lang tale...bønn og sang. Og ja, og så kollekt. Og etterpå: fellesskap rundt litt kaffe og kaker. Vel og bra; budskapet her ikke endret seg, skjønt jeg tenker ofte på at det hadde vært nyttig om det hadde vært litt mer plan og system på det som blir talt over, det som blir undervist i fra talerstolen.
    Bedehuset er et utgangspunkt for å danne menighet. Funksjonen som en samarbeidspartner med Dnk spriker, men det har mest med Dnk å gjøre. Det er vanskelig for mange å bryte med Dnk-tradisjonen. Bedehuset er i endring; så får vi se hva som vokser fram.

    SvarSlett
  3. Veldig spennande innspel frå dykk båe. Eg vil gjerne fundere og respondere. Til Anne: Ville vore artig om du kunne vere litt meir konkret på å "lage eit møte" nøyaktig slik du ville hatt det. Men, heilt frivillig. Båe innspela dykkar er veldig gode utgangspunkt for dialog, tykkjer eg.

    SvarSlett
  4. Må føye til at eg ikkje har erfaring med å gå på bedehus, anna enn på bedehusets barnearbeid (der har eg ein lang karriere). Og sidan det er viktig at meditasjon og rituale ikkje blir avbrotne, må det nødvendigvis vere eit opplegg for ungane parallelt. Her ville eg bare vidareført det «gode gamle», også kjempefint om det er lågterskel (slik det var for meg). Dvs at ein kan komme, sjølv om foreldre ikkje er med på møtet, og drive med hobbyarbeid, speiding e.l ispedd nokre «trusfrø», som kanskje spirar ein eller annan gong. Fellesskapet er det viktigaste, og inkludering ville vere i samsvar med ei grunnhaldning om at Gud er i alt og alle, me er alle «works in progress».

    SvarSlett
  5. Nokon innspel:

    - Ad det fyrste om "work in progress" etc., får eg vel seie "hm". Ville kanskje vore til hjelp om eg visste noko meir om kva tradisjonskjelde du ausar av her. (Og kven er eigentleg "vi"...?)

    - Ad det andre, om dine ynskje for møte, så liknar jo dette svært mykje på tradisjonell liturgisk form, særleg i katolsk tradisjon, då. Eg trur også "det heilage rommet" er ganske avgjerande for den meditative stemninga, så å seie. Ei utfordring med "heilaggjering", er kva teologi ein skal ha for desse tinga, som vi før har vore innom... Men - oftast fylgjer teologien etter praksis (slik var det ofte i den tidlege kyrkja). Dvs. folk kan "kjenne" kva dei treng, kva som gjev meining etc., og så kan ein etterpå fundere og tenke over kvifor "det må vere slik". Vekselverknader mellom tanke og praksis vil det naturlegvis vere.

    Takk for innspel, det er ganske interessant for meg. (Og interessant jo meir ærleg det er, så å seie).

    - Til Anne, takk igjen for innspel. Det høyrest ut som at "ungdomens bedehus" gav grunnleggjande gode røynsler og minne? At du møtte på noko autentisk der også, i spiritualiteten? Ja, hm. Kanskje det var ei splitting her, mellom bedehus og kyrkje - at det skulle vore meir liv i kyrkja og meir rituale på bedehuset?

    Hm. Eg har litt meir problem med å gripe kva det er ved dagens bedehusmøte som ikkje er så tiltrekkande, så å seie. Kanskje det er noko "mellom linjene", noko "under overflaten"?

    Når det gjeld bedehuset, så må ein seie at det ikkje, historisk sett, har vore sett som utgangspunkt for kyrkjelyd. Dvs. baptistar, pinsevener o. l. har vore meir sjølvstendige slik. Men kyrkjelydsdanning har vel ikkje generelt vore eit mål før inntil nyleg. (DELK, Frikyrkja valte annleis, då). Eg er samd i at Dnk har problem med kontinuitet med tradisjon, og med samarbeid.

    Gunhild: Interessant, det du seier her. Slike klubbar finst enno, men det er viktig å fundere på kva som er bra og bør førast vidare. Når det gjeld born i gudstenesta, er det også ei stor problemstilling: Bør dei ha parallelt opplegg? (Eg tenker: Kanskje under tekstlesing og preike. Men eg preikar ikkje så lenge :-s ).

    SvarSlett
  6. Det ideelle møtet, ja. Formen må vi finne ut ifra innholdet, og i kristen sammenheng, er det møtet med den treenige Gud, i syndserkjennelse og forlatelse/brødsbrytelse, med bønn og tilbedelse, men også med ro og tid for Den hellige ånd til å arbeide, og tid og anledning til å bidra med sine åndelige gaver i fellesskapet. I tillegg er det et viktig anliggende å bringe det gode budskapet ut til flere.
    Hvordan kan en finne formen, rent praktisk sett? Her har jeg ikke noen fasit.
    Er det enkle rommet, med malte trevegger og benker, noen stoler og bord, hvor rommet gir mulighet for deltagelse – et typisk domus ecclesiae, hvor mennesker samles for å bygge hverandre opp i en felles tro, en god ramme rundt innholdet?
    Er rommet mer rituelt komponert, hvor Gud, Kristus og Ånden, blir fokus for folket, bli det retning mot det sentrale punkt hvor symboler for Guds forsoning er sentrale, og derfor alteret som tilkjennegir offeret, Kristi offer. I denne sammenhengen blir symboler nyttige. Et symbol er noe som peker, ikke i ord, men i form, på noe som ikke fattes så enkelt med forstand og språk.
    Begge har sin berettigelse; ideelt sett kunne de kombineres i en sekvens, som om en går gjennom fra det sekulære til det hellige, en bevegelse i tid og rom fra en domus ecclesiae til et domus Dei...

    Ja, så var det å komme til saken, da, om det ideelle møtet, formen i bedehuset.
    Jeg har ikke fasiten. Formen, slik det er her i bygda, er grei og forutsigbar, ofte med andre innspill av musikk osv – men kanskje føles det mer som en «kristelig klubb». Har vi grundig bibelundervisning på bedehuset? Har vi utadrettet virksomhet?

    For jeg kan komme til rette med møtet og former for det, må jeg ha klart for meg hvilken funksjon det skal utføre.

    SvarSlett
  7. Takk! Eg tenker på det siste du skriv, som oppsummerer. Der trur eg du er inne på ting, ja. Og refleksjonar om dette med funksjon - like så mykje som praksis - må vel hentast frå økumeniske tradisjonar, som likevel står oss nær, i vår norske samanheng... Men gode refleksjonar her.

    SvarSlett