mandag 4. oktober 2021

 John Gardiner har skrive ein biografi om Bach. Gardiner er ein verdsleiande dirigent. Han fortel om musikk i oppvekst. Tankevekkande; under krigen møttest foreldra og vener kvar sundag og song Byrds polyfoniske messe. Gardiner vart som barn introdusert til Josquin, Palestrina, Tallis, Purcell, Monteverdi, Schütz - og Bach. Fyrst vokalt, seinare instrumentalt. Nadia Boulanger (nærast ei legende) underviste han i harmoni; ho tok utgangspunkt i Bachs koralar, og i Hindemiths "Elementary training for musicians", samt solfege-systemet (do, re, mi etc.) Ho var også veldig streng, for ho meinte at fridom i musikk fyrst vart mogleg når teknikken var framifrå. Hennar grunnsetning: Teknikk utan genialitet er ikkje så mykje verdt. Genialitet utan teknikk er heilt verdilaust. 

I det heile mykje å hente ved å lese slike tekstar frå "meisterar". Eit par poeng til, så langt eg er kome i boka. Bach vart spurt: Korleis vart du slik ein meister i musikk? Han svara då: "Arbeid og arbeid og arbeid. Den som arbeider like flittig som meg, kan bli like god." Ikkje heile sanninga, men mykje er det i det. Wolff seier i ein annan biografi at Bach er utenkeleg i dag, når vi har så mykje stress og teknologi og elektronikk etc. 

I alle høve: Gardiner peikar også på kor viktig naturen og skogen var i Bachs omgjevnader og kulturmentalitet. Skogen og forholdet til den, gav kategoriar, metaforar, språk, indre liv etc. Eit underleg og tankevekkande poeng. Eg ser det når eg blar i Mads Bergs songbok. Ein haug med flotte songar...som ikkje lenger vert sunge, nærast i det heile teke. Mykje av det handlar om at songane handlar om ting som vi ikkje lenger er i kontakt med, eller syslar med. (Skog, husdyr, gardsliv, vekslinga i høgtider og årstider). Eller, ting som vi har eit vanskeleg forhold til (nasjonalkjensle, historie, familieliv, Gud og kyrkje etc.) Noko å fundere på. Gardiners Bach-bok er elles veldig spennande og inspirerande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar