lørdag 16. oktober 2021

 Eg funderer ein god del på spørsmål om leiing, makt, autoritet og kompetanse. På mange vis er dette eit vanskeleg emne i vår kultur. Dette er har forståelege (dog ikkje nødvendigvis legitime) idehistoriske og historiske årsaker. Men eg funderer på det, korleis leiing etc. ofte er naudsynt både for at samarbeid skal fungere (kven gjer kva, og kvifor, og korleis? Kven er det som sit med oversynet og peikar ut retningane, basert på kompetanse og innsikt? Korleis behandlar vi usemje? Kven tek opp problemstillingane? Kven tek ansvaret når noko går gale? Kven har delegert makt frå høgare instansar? Etc.) Og: Leiing kan vere naudsynt for at folk skal få bruke sine evner, sin vilje, sin kreativitet, sin energi. 

Det er mykje ein kan seie om dette, og her trengst mykje visdom. Og leiing utelukkar ikkje samarbeid, lytting, kritisk engasjement etc. Noko eg beit meg merke i: I ein dokumentar om fotball vart det sagt om Man U-trenar A Ferguson: "Han var manager og sjef. Men han lot kvar spelar få vere "seg sjølv" og spele ut sin originalitet. Han var kompetent og kunne "alt" om fotball - og dette dela han med oss, og sa: 'No veit de det som de treng å vite om kampen som ligg foran. Gå og spel og ha det gøy no". Og - han var ein del av laget, som "ein av oss". Då var vi uovervinnelege." Noko å fundere på. 


tirsdag 12. oktober 2021

 Yes - kva skal eg seie. Litt politikk i dag. 

- Eg funderer vidare på fyrste halvdel av 1900-talet. Tysk nasjonalsosialisme var - som det ligg i namnet - tysk (--> anti-jødisk), nasjonalistisk og sosialistisk. Alt saman saker og oppfatningar som vart breitt dela av den tyske befolkninga i mellomkrigstida. (Sjå Robert Gellately for veldig interessant og overdue analyse). Diktatoren var såleis meir eit symptom enn ei årsak. Ustabiliteten i Europa i mellomkrigstida var også "gjeve" og knapt mogleg å endre. (Økonomisk depresjon, kommunistisk revolusjon, kolonialisme/industrialisme/kapitalisme/sekularisme/mekanistisk metafysikk, nasjonar i krig). Problemfeltet må analyserast ut frå djupare historiske premiss, så no gjev eg meg på nytt i kast med det 19. århundre. "Pursuit of power", Richard J Evans; "English and their history", R Tombs. Eg kjenner naturlegvis epoken, men eg vil sjå på den med friskt blikk. For om mogleg å sjå klårare kva som er dei gode og mindre gode vegane for samfunnet. (På nokre vis kan ein sjå ei linje som går frå kapitalisme, kolonialisme, imperialisme, politisk religion - og jamvel vidare til nyliberalisme og moderne utviklingsarbeid. Men kva er alternativet?)

- Ei relatert problemstilling som eg funderer på, i endringstider. Kva skal ein seie om bedehusets former? Bedehuset sprang ut av visse idéhistoriske, sosiologiske etc. premiss. (Sjå Olaf Aagedal; Harald Hegstad; Louis Bouyer m. fl.) I dag er bedehusrørsla i motbakke, og tidene har endra seg. Kva skal rørsla så gjere? Halde på vidare i same form? Respondere kreativt på samtida, i kontinuitet med eigen tradisjon? I praksis har bedehusrørsla gjort det siste, i mange tiår allereie. Skjønt: Kontinuiteten har faktisk stundom vore meir i "former" og "prinsipp" enn i innhald. Om nokon skal kommentere, kan ein gjere det slik: Lag ditt perfekte kristne møte. Ikkje gudsteneste, men kveldsmøte. Kva er bestanddelane, breitt forstått? Kva går føre seg på møtet? (Fargar, former, riter, tekstar, bøner, klede, mat, aktivitetar, sosialt, praktisk, stad, musikk etc.) Du har fullstendig frie tøylar, så lenge du held deg innanfor ortodoks kristen tru. 


mandag 4. oktober 2021

 John Gardiner har skrive ein biografi om Bach. Gardiner er ein verdsleiande dirigent. Han fortel om musikk i oppvekst. Tankevekkande; under krigen møttest foreldra og vener kvar sundag og song Byrds polyfoniske messe. Gardiner vart som barn introdusert til Josquin, Palestrina, Tallis, Purcell, Monteverdi, Schütz - og Bach. Fyrst vokalt, seinare instrumentalt. Nadia Boulanger (nærast ei legende) underviste han i harmoni; ho tok utgangspunkt i Bachs koralar, og i Hindemiths "Elementary training for musicians", samt solfege-systemet (do, re, mi etc.) Ho var også veldig streng, for ho meinte at fridom i musikk fyrst vart mogleg når teknikken var framifrå. Hennar grunnsetning: Teknikk utan genialitet er ikkje så mykje verdt. Genialitet utan teknikk er heilt verdilaust. 

I det heile mykje å hente ved å lese slike tekstar frå "meisterar". Eit par poeng til, så langt eg er kome i boka. Bach vart spurt: Korleis vart du slik ein meister i musikk? Han svara då: "Arbeid og arbeid og arbeid. Den som arbeider like flittig som meg, kan bli like god." Ikkje heile sanninga, men mykje er det i det. Wolff seier i ein annan biografi at Bach er utenkeleg i dag, når vi har så mykje stress og teknologi og elektronikk etc. 

I alle høve: Gardiner peikar også på kor viktig naturen og skogen var i Bachs omgjevnader og kulturmentalitet. Skogen og forholdet til den, gav kategoriar, metaforar, språk, indre liv etc. Eit underleg og tankevekkande poeng. Eg ser det når eg blar i Mads Bergs songbok. Ein haug med flotte songar...som ikkje lenger vert sunge, nærast i det heile teke. Mykje av det handlar om at songane handlar om ting som vi ikkje lenger er i kontakt med, eller syslar med. (Skog, husdyr, gardsliv, vekslinga i høgtider og årstider). Eller, ting som vi har eit vanskeleg forhold til (nasjonalkjensle, historie, familieliv, Gud og kyrkje etc.) Noko å fundere på. Gardiners Bach-bok er elles veldig spennande og inspirerande.

fredag 1. oktober 2021

Frå liturgien:


"..andre som kommer fram, og som viser at de ikke skal motta nattverden, velsignes av den som bærer brødet, med håndspåleggelse eller korstegning. 

...

Eksempler på stasjoner i bønnevandringen: 

Stille bønn ved alterringen – mulighet til å knele i bønn og ettertanke. Personlig forbønn, eventuelt med håndspåleggelse – på et sted i rommet der det er mulig å være litt tilbaketrukket. 

...

Velsignelse – den enkelte kan knele mens en medliturg legger hånden på hodet og velsigner med en fast formulert velsignelse."