onsdag 1. september 2021



21 kommentarer:

  1. Eit enklare liv som paven seier: Har du forslag til kvar me som bur i Vest-Telemark bør/kan starte? Kanskje noko me kan adoptere direkte frå Tolkiens verd, Ref førre posten din.

    SvarSlett
  2. Hei - dette er på mange vis for meg 1000-kroner spørsmålet. "Kva kan vi gjere?" Kor motkulturell må ein vere?

    Paven har gjeve eit godt utgangspunkt for eit grunnfundament. I det heile trur eg medvit og samtale er eit godt fyrste steg. I Tokke skjer det mykje spennande på området; ein gard i Mo freistar å drive på "gamlemåten" - her er det open dag 11. september (sjå bygdekvinnelaget v/ R Felland for meir). Elles skal vi freiste å etablere eit slags "samtaleforum", "Tokke talar", der vi tek opp aktuelle problemstillingar, eg vonar at også desse tinga kan kome på programmet.

    For eigen del freistar eg å ha medvit om generell tradisjon frå NT. NT er langt meir radikalt enn dei fleste tenker over, mtp. eigedom og rikdom. Skjønt, eg syndar mtp. musikkutstyr :)

    I det heile skjønar eg at det ikkje er nok "talk the talk" for å kunne rettleie, ein må også "walk the walk". Her er mange tankar; ein god del av dei fungerer ikkje i det heile i praksis. På sikt er det kanskje noko a la samliv mellom gardar og kloster/kyrkje som er den mest berekraftige vegen. Hobbiton er elles prega av pre-moderne og pre-industrielt (og for øvrig dels pre-protestantisk...) engelsk bygdeliv. I vår tid, der marknad er øvste verdi og mål i samfunnet, trur eg det meste ein kan håpe på, er å unngå "moral tainting" (i den grad det er mogleg), og elles ta vare på menneske og tradisjon og kultur så godt ein kan.

    SvarSlett
  3. Auka medvit har eg også trua på. Tematikken kunne vore eit veldig interessant utgangspunkt for gruppeterapi. Prostidiakonen har også nemnt på idéen klimasorggrupper i det siste, om eg hugsar rett.

    Kven er initiativtakarar til det planlagte samtaleforumet i Tokke? Kanskje konseptet kan det spreie seg til nabokommunene etterkvart 🤔 Isåfall er det viktig at det får omtale i t.d. lokalavisa.

    Det hadde vel vore ein fordel med ein eller annan struktur som støtta opp om avgjerd/intensjon om endring i livsstil/prioriteringar. Sidan me er så utprega flokkdyr. Kanskje ein slags interesseorganisasjon, som Framtiden i våre hender revitalisert og lokalt forankra? Eller ei Facebook-gruppe der ein delte konkrete erfaringar med kvarandre? Eller ein desentralisert form for klosterorden. Eller div. spirituelle/rituelle arbeidsgrupper.

    Angåande generell tradisjon frå NT, så må det vel vere det same tankegodset som inspirerte til pietisme i si tid? Kva del av NT er tydelegast på dette? Og kvifor vart ikkje pietisme meir populært?

    For eigen del skaffa eg endeleg ein usmart telefon idag. Trur det må vere eit viktig steg i rett retning. Sjølv om det nærmast kjennest som å amputere bort ein kroppsdel (og det sjølv om eg har tenkt å legge att «kroppsdelen» heime utstyrt med tvillingkort).

    Moral tainting er framandord/uttrykk for meg. Har du eit norsk ord for det same?

    SvarSlett
  4. Hei, mykje her - her er mykje ein kunne teke opp i eit samtaleforum, det er heilt sikkert... Auka medvit, ja. Det er verkeleg veldig viktig. Eg høyrde ein tale - det var om Gregor av Nyssa (gresk kyrkjefader) sin analyse av tabernakelet i GT. "Det aller heilagste" vart der samanlikna med det guddomelege mysteriet - men også det inste hjarta vårt. Og for å nå båe ting, må ein vere stille.

    Samtaleforumet, ja. Det er Tokke frivilligsentral. Vi er ikkje i gang enno, men tenker å bli det etter kvart.

    Struktur er avgjerande, ja. Eg er usikker, som sagt, på kor langt ein kjem utan djupe røter i tradisjon, kultur, kyrkje, lokalsamfunn. Politikk er såleis naudsynt, men veldig langt frå tilstrekkeleg... Djupast sett er økokrisa spirituell.

    Ja, det er det same tankegodset, ja. For øvrig ein del fellesgods i antikken her. Jesus var svært tydeleg, Jakobs brev er fantastisk tydeleg, 1 Tim 6 er tydeleg etc. Det er eigentleg overalt i NT. Pietismen var vel veldig populær (eller, naudsynt, eller kva ein skal seie), for så vidt, så lenge det varte. Men pietismen kunne bli livsfiendtleg, fordi protestantismen hadde kutta av nokre avgjerande tradisjonsstraumar. Så desse tinga var spenningsfulle. (Sjå R Hutton, Merry England; Bouyer, Spirit and forms of protestantism, for meir).

    For øvrig er kapitalistisk-sekulær modernitet på mange vis svært spartansk i uttrykket, om ein tenker på til dømes fargar, kunst, musikk, fellesrituale, kroppskontakt, matkultur og mykje anna.

    Gratulerer med å seie nei til smart-telefon. SVÆRT LURT!!!!!!! Dei reaksjonane der er svært interessante og viktige, trur eg. Eg har mykje av det same problemet. Eg har bestemt meg for ikkje å bruke nett i bustaden min. På ein måte vanskeleg, men også veldig befriande.

    "Moral tainting", altså, å "halde sin stig rein". Når ideologi blir sterk og "altomfattande" er det vanskeleg å gjere dette, og å vite om ein gjer det. Eg kan seie i kyrkja at vi skal vere gode. Så er eg samstundes ein del av ein moderne livsstil som raserer menneskeliv og natur.

    SvarSlett
  5. Takk for gratulasjon. Etter mitt syn er det ein klar samanheng mellom å avgrense bruk av smarttelefon/nett, og det å søke nærmare naturen og det aller heilagste (som etter visdomstradisjonen er å finne i oss, kanskje nettopp i det inste hjarta vårt).

    I Matt 6 vers 6 står det: "Men når du vil be, gå inn i kammerset ditt og lat at døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som er i det dulde, skal løna deg". I eit samfunn strukturert med SoMe, som igjen gjer oss (dopamin)avhengige av likes, er det å ha faste møte med Gud i stilla ein veldig motkulturell ting å drive med. Men ein vis person sa ein gong:"Nokre gonger er det kanskje lurt å teie, og la den klokaste av oss tale ".

    Litt tidlegare i same kapittel står det også: "Men når du gjev ei gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer. Gjev gåva di i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg". Dette er også svært motkulturelt, i ei verd av spisse olbogar og likes.

    Nyleg lærte eg at Gud skapar ei verd som er istand til å gløyme at Han er til, som eit offer, ei kjærleikshandling (ref "Guds lam, slakta sidan verda var til"). Eg trur den viktigaste overgangen frå det moderne livet til noko anna (som du også skildrar i den nyaste posten din), handler om å få auge på alt som trass alt minnar oss om Gud. Kanskje er dette den viktigaste funksjonen til sakramenta, som nattverdsoblatet og vinen? Men også overalt elles, i all materie (natur og kultur) finst ulike og lågare frekvensar av det same høgfrekvente medvitet som Skaperen sjølv.

    Dette er det det moderne livet på finurleg vis skjuler for oss. Nokre gonger tenker eg at det største problemet med det moderne livet er all støyen, og då også støy i overført tyding. Alt det uviktige som breier seg utover, og fortrenger det viktige. Eller halve sanningar, som me ikkje vert ferdige med, fordi dei ikkje gjev meining (ref omgrepet uavslutta gestalt). Så kanskje handlar det meir om å avgrense ein livsstil, enn å avskaffe?

    SvarSlett
  6. Hei, ja, her var mange vise og gode ting å ta med vidare. Du seier verkeleg noko der. Meir å avgrense. Det er eit mangfaldig paradoks, at vi skulle behøve å *avgrense* moderne livsstil, når heile føremålet med denne livsstilen (vel å merke i liberalistisk utgåve; andre moderne livsstilar munna ut i det autoritære, naturlegvis) skulle vere å gjere oss meir *frie*.

    I det heile funderer eg også ofte på dette med at det å "tvile på seg sjølv" ofte kan vere lurt. Vi har våre veremåtar, våre handlingar, vår vilje, våre syslar, våre tankar, våre livsmønster. Eit menneske kan tru at det gjer rett, er på rett kurs - men er åpenbart ikkje det. Men ser det ikkje sjølv. (Eg har sjølv hatt fleire slike "about faces" eller justeringar av livskursen). Og då er det å stanse opp, vere stille, kome på bylgjelengd med seg sjølv og andre og natur etc. essensielt. Også desse tinga kan vere problematiske (eller umoglege) når det er for mykje "støy".

    SvarSlett
  7. Men - kan ikkje alltid tvile på seg sjølv heller :)

    SvarSlett
  8. Hmm, kanskje er det slik at Gud lettare «kjem til orde» i faser av livet der me tvilar på oss sjølve/ikkje føler oss heilt på høgde med situasjonen. At me er meir opne/tilgjengelege for påverknad frå Han då (iallefall om me går inn for å vere opne). Det verkar på ein måte logisk for meg. Det er også ei viss trøyst i det (aldri så gale at det ikkke er godt for noko).

    Om ikkje moderne livsstil lot seg avgrense, ville me jau vore eit offer for ytre omstende. Slik er det igrunnen med alt ein tenker har makt over ein. Om noko får kaste skuggar, eller legge beslag på merksemda di, er det fordi du vel å la det gjere det. Fridom vert då etter mitt syn å ha moglegheiten til å velge (noko som gjerne følgjer med auka varheit for det som ER).

    SvarSlett
  9. Til det fyrste - det er ein interessant måte å sjå det på, spes. om ein ser "Gud" som det mystiske nærveret i alle ting, så å seie.

    Til det andre: Her er eg nok 30% samd og 70% usamd. Svært viktig og aktuell problemstilling (generelt - men særleg i vår tid, når dominerande ideologi seier at vi faktisk er frie aktørar etc. og at samfunnet har lagt opp til at vi skal vere frie. "Liberalisme".)

    SvarSlett
  10. Om du er 70 % usamd i at dette er ditt eige val: kven eller kva er det då du har gjeve frå deg makta over eige liv til? Min påstand er at både det me aktivt vel, og det me aktivt vel bort, er vårt eige ansvar. Responsability=ability to respons (men at me sjølvsagt kan ha ei kjensle av å ikkje ha eit reelt val, erfare ei slags indre tautrekking mellom ymse behov og motbehov osb). Men i siste instans er det ein svært takknemleg ting å få vere skipper på eiga skute, å tre ut av offerrolla og ta tilbake makta i eige liv. Nelson Mandela siterte Marianne Williamson i innsettingstala si, då han sa: "Vår største frykt er ikkje at vi er hjelpelause. Vår største frykt er at vi har større kraft til å påverke enn vi kan fatte. Det er vårt lys, ikkje vårt mørker, som skremmer oss mest. Vi spør oss sjølve: Korleis kan eg dere strålande, storslagen, talentfull, fantastisk? Kven er du, eigentleg, om du ikkje kan det? Du er eit Guds barn. At du spelar liten, hjelper ikkje verda. Det er ikkje noko opplyst i å gjere seg sjølv mindre for at andre ikkje skal kjenne seg usikre saman med deg. Vi er alle etla til å stråle, slik born stråler. Vi er alle fødde for å la Guds herlegdom, som er i kvar og ein av oss, bli vorkeleggjord. Han er ikkje bare i nokre av oss, han er i oss alle. Når vi let vårt eige lys stråle, gjev vi, ubevisst, andre høve til å gjere det same. Når vi blir frigjorde frå vår eiga frykt, set vårt nærvær automatisk andre fri".

    SvarSlett
  11. Beklagar skrivefeil: * respond, *vere, *verkeleggjord

    SvarSlett
  12. Mange gode og rette ting i det du seier. Likevel: 70/30.

    SvarSlett
  13. Altså...eg kan ikkje seie at eg har gjeve frå meg makta. Ein del av makta til å "velje fritt" har eg aldri hatt, vil eg aldri få. Ein del er teke frå meg, av makter og krefter som er langt større enn eg kan rå med. (Kropp, kultur, natur, ideologi, marknad, politikk, stat, materielle føresetnader, forventningar etc. etc.)

    Problemstillinga blir såleis (ja) å utøve eigen vilje, ta ansvar, vere aktiv. Men også: Erkjenne, vere medviten (som du seier) både på det ein rår med, og det ein ikkje rår med. Og mange gonger bør det aktive valet brukast på å hengi seg til andre makter og krefter, så å seie. (Kultur, tradisjon, fellesskap, spiritualitet, familie, kyrkje, natur etc.)

    SvarSlett
  14. Ja, livet tek beste form. Me tilpasser oss kreativt innanfor dei moglegheiter og begrensninger som finst i feltet, til ei kvar tid. Me er barn av vår tid, og kva kunne me elles vore? Les ein G. Wollants "Gestalt Therapy. Therapy of the Situation", anar ein at ein vanskeleg kunne eksistert uavhengig av omgjevnaden (Eller som Buber seier: Ved Duet blir Jeg til. Idet Jeg blir Jeg, sier jeg Du. Alt virkelig liv er møte"). Mest slåande er det om ein tenker på nyfødde born, dei er nærmast umogleg å forestille seg utan omgjevnad. Me blir til i møte med verda, og verda i møte med oss. Dette må likevel ikkje stå i vegen for empowerment og autonomi. Me er trass alt berarar av det same medvitet som Skaperen sjølv, og fridommen til å velge er vel heller å sjå som eit av våre mest grunnleggende livsvilkår? Tenk bare på kor stor fridom me har fått til å velge, samanlikna med berget, treet eller dyret! Auka awareness gjev auka valfridom. Min hypotese er difor at det er mogleg å den prosentvise påverknaden sin på eige liv (frå kanskje 10 prosent som spedbarn til 99,99 prosent som 105-åring) :)

    SvarSlett
  15. *å auke den prosentvise påverknaden sin på eige liv

    SvarSlett
  16. Ja, takk for innspel. Hm. Det er freistande å respondere og diskutere her, men du får berre seie stopp, om du ynskjer. Nokre tankar:

    - Også ein 105-åring er utlevert til kropp, luft, natur, relasjonar, næring, indre tankeliv, omsorg, kultur etc. Veldig mykje av dette har 105-åringen lite å seie på, så å seie. Det er "gjeve", og "kjem til ein".

    Til dømes: Vi er og blir menneske, og eit menneske har ein viss natur, og fungerer på visse vis (mtp. kva som gjer at mennesket blomstrar, utfaldar seg, har humør og helse, får nådd sine mål etc.) Dette har vi ikkje så mykje makt til å endre, om du skjønar. Dvs. vi har, som du seier, makt innanfor eit "felt".

    Eg kan ynskje å få god helse, til dømes. Då må eg respektere kva kroppen seier og byd (mtp. næring, relasjonar, mosjon, solljos, søvn etc.) Så valfridomen min er avgrensa innanfor desse parametra (som vel å merke kan vere vide). Men også dersom ein veljer innanfor slike "premiss," så vil ein få kjenne på avgrensingar, dilemma, konfliktar o. a. Eg kan navigere i feltet, som du seier, men min personlege valfridom er avgrensa.

    Dette med vår valfridom sett i forhold til berg, tre, dyr...hm...sanneleg om eg veit. Vi kan velje mykje, men dersom vi vil velje sunt og rett og godt, blir vindauga altså kanskje ikkje like stort. På noko vis kunne ein seie at eit tre gjennomfører enormt mange komplekse val, og at dei er flinkare til å velje enn oss, for dei veit kva det vil seie å arbeide *for* seg sjølv. (Ein utprøvande tanke).

    Ja - og vi blir påverka av omgjevnadene, som du seier. Og er det ikkje slik at det ofte er betre for eit menneske å gje avkall på eigen valfridom, til fordel for å involvere seg med andre menneske, og inngå i komplekse samspel? Familie, kyrkjelyd, arbeidskollegium, bygdesamfunn. Når ein inngår her, må ein også vere villig til å fylgje gruppa, tilpasse seg, innordne seg, på ulikt vis. Men ein får mange velsigningar også av det - ja, ein kan seie at "sjølve livet" finst i slike samspel, og utan dette samspelet, er mange (dei fleste) verdiar og mål uoppnåelege.

    Ein kan få awareness om mange av desse tinga, men ofte (trur eg ein bør seie) kan dette munne ut i ei erkjenning av mindre valfridom, ikkje meir. Kanskje talar vi noko forbi kvarandre; ein grad av valfridom er det jo alltid. Du kan velje å flytte til ein annan stad, du kan velje å trekke deg ut av ein kultur eller eit fellesskap etc. Og det er viktig, og eg er samd; det å kunne velje, er noko vi har frå Skapinga av. (Ein mystisk del av vår natur). Det er viktig å ikkje berre la seg føre med straumen, ein må kunne vere aktiv.

    Likevel; kanskje eit menneske erkjenner at det treng familie, treng røter, treng kultur/kyrkje, treng næringsrik mat, treng meiningsfullt arbeid. Og då er ofte løysinga at prosenttalet for "min personlege valfridom" går ned, ikkje opp, om du skjønar kva eg meiner. Kanskje ein heller skulle seie; valfridom får nye og meir komplekse og subtile former. Ein "spelar på lag med" krefter og straumar.


    I det heile er dette eit veldig komplekst, men viktig, felt. Og her er mange ting "under overflaten" for folk (sikkert også for både deg og meg), og det har eg stor respekt for. I det heile ein tematikk som det kunne vore bra å ha ope samtaleforum om, i godarta former. Desse tinga er jo relatert til dette med miljø også, ikkje sant. Ein ung person kan seie: "Eg ynskjer å leve i harmoni med natur og klima etc., og vil velje dette." Men korleis...? Kor stor er fridomen til det, og korleis navigere feltet, som du seier?

    SvarSlett
  17. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  18. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  19. Ja, eg trur det får vere siste ord i tråden.

    SvarSlett
  20. Hei att, tenkte det var like greitt at du fekk siste ordet sjølv :)

    SvarSlett