lørdag 18. september 2021

 Dagens refleksjon. Musikk. Inspirert av musene. Ein teoretiker sa: "Behandle musikk som om di eiga overleving avhenger av den. For sannsynlegvis er det slik." Det er vel noko ein musiker ville sagt - men han har rett; alle samfunn og kulturar har bruka og verdsett musikk - i alt som er essensielt, så å seie. 

Problemstilling: Kva musikk skal ein skape, komponere, utøve, lytte til, gje rom? Spotify har millionar av songar. I prinsippet finst det enormt med val. Det er ikkje opplagt at kommersialisert "junk-pop" fortener vår merksemd. Men kva? Eit poeng av same teoretiker, som eg funderer på: Musikken treng å ha nokon slags røter og relevans i det umiddelbart lokale. 

Tru, tradisjon, kultur. Folkeliv, skikkar, natur, arbeid. Mentalitet og kjensler. Fest og høgtid og dans. 

Altså - ikkje som absolutt grense. Likevel; den som syslar med musikalsk arbeid kyrkje, kultur, folkeliv, veit at det trengst nokon "parameter", nokon "retningar". Byggje opp noko felles, noko som varer, noko som gjer godt. "Reportoaret" kan godt strekke seg 1000 år bak i tid, til dømes i form av salmar, gregoriansk song, middelalderviser eller anna. Men det er viktig at det då knytast band til notida, til vår kvardag. 

Noko å fundere på; at det som eit menneske lærer av song og musikk som barn og ung, også skal kunne bli sunge når denne personen sjølv er besteforelder. Og kanskje når barnebarnet sjølv er besteforelder. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar