tirsdag 14. september 2021

 Dagens refleksjon. Det neste kapittelet hjå Gervin handlar om helgenar. Lang historie kort: Luthersk teologi vil ikkje oppfordre til forbøn hjå helgenar. (Men heller ikkje avvise...?) Men Apologien seier at vi bør minnast helgenar, la oss inspirere av deira førebilete. Generelt sett er helgenar menneske som har "levd ut" trua i ulike samanhengar, med Guds nåde, til tilgjeving og til kraft. Dei er vegvisarar, vener, førebilete. Skjønt - "helgenkulten" kan ha ei avgrensa rolle, eller ei svært omfattande rolle (som i seinmiddelalderen). I Noreg er Olav den viktigaste helgenen, men Dnk veit ikkje heilt kva dei kan "gjere" med han. Skjønt, det finst olsok-salmar i salmeboka, t. d. "Olavs minne vil vi ære", frå middelalderen. Melanchton poengterer elles at englane og dei heilage i himmelen kontinuerleg bed for kyrkja. 

Gervin poengterer at det må økumenisk dialog til, for å kome vidare i desse sakene. Det trur eg er godt og sunt. Dnk som heilskap må kjenne seg komfortabel til å ta eventuelle små steg, utan traumatisk brot med eigen tradisjon. I det heile merkar eg sjølv korleis økumeniske problemstillingar som dette kan aktivere vanskelege kjensler hjå meg (uro, for å seie det dempa). Ein kjem raskt inn på gamle og vanskelege problemstillingar frå 1500-talet. Slike kjensler er signal. Skjønt, spenningar og konfliktar høyrer livet til, uansett kva livsform ein måtte velje. Men det er best når utvikling går trygt og gradvis. 

I det heile har eg fundert på dette med "det heilage" også; ei annan "side" som er viktig her, for oss menneske, er at det heilage er både nært og fjernt. Altså - det kan kome nært på ulikt vis. Men det heilage er også skjult av ei sky, eller ein flammande eld, eller eit blendande ljos. Dette er også eit slags "evangelium" for oss; vi treng avstand frå det heilage, for "ingen kan sjå Gud og leve", og "Gud bur i eit ljos som ingen kan koma til." Så ved alt som har med Gud (og røyndom!) å gjere, så må vi tenke at det vi erkjenner og talar om, er "i ein spegel, i ei gåte". 

5 kommentarer:

  1. Eg kjenner ei større uro over mangelen på spiritualitet i DnK, enn at DnK tek steg for å vinne att dette terrenget. T.d. når ein ber saman med englene i liturgien- så kan ein undrast over om det finst nokre i kyrkjelyden (inkludert prest) som tek dette seriøst. Ref. også kva "stilling" Mártha Louise har fått med si "engleverksemd". Ikkje at hennar verksemd nødvendigvis har noko med kristen spiritualitet å gjere (det har eg også altfor liten kunnskap om). Men det er som om englar og helgener på generell basis sorterar meir ilag med julenissen i vår forståinga av røyndomen, enn ilag med Gud.

    Eit anna viktig spørsmål er også kvar folk elles vel å gå for å få dekka sitt udekka spirituelle behov. Det kan få alvorlege følgjer dersom dei endar opp i dei aller mørkeste avkrokane i samfunnet vårt, t.d. i form av alvorlege terrorhandlinger.

    Kanskje kan reparasjon /bygging av relasjonen til heilag Olav vere ein nykel til å attreise spiritualiteten i DnK? Denne helgenen spelte ei sentral rolle i vår felles historie. Ein kan spørje seg kvar me som samfunn og kyrkje hadde vore idag utan han- og om me er tilstrekkeleg medvitne om heilag Olav sin betydning.

    Til det siste du skriv- så tenker eg "både- og" er viktig. At det heilage både er mykje nærare, og mykje fjernare (på same tid!) enn mange av oss er vare på/medvitne om.

    SvarSlett
  2. Hei, ja, gode og "profilerte" innspel, får ein seie. Det er bra at du har meiningar om dette, tykkjer eg, og delar dei. Eg er også grunnleggjande samd i det du seier. Det er berre samansett, for du kan "vinne" noko, og samstundes skape nye problem, om du skjønar. Så idehistoriske og spirituelle rørsler bør helst gå steg for steg, slik at endringar får "arbeide seg ut", får "tilpasse seg" i både det indre livet og i trua og kulturen.

    Olav - kanskje dette er ein god veg, ja. Vi har olsok-feiring som ein dag i kyrkjeåret. Her kan ein nok utforske både lokale tradisjonar og historiske og spirituelle tradisjonar.

    Eg delar også refleksjonane om "what's really real", så å seie. Berre - dette er komplekse ting, noko som ingen einskildperson kan finne ut av åleine. "Englar" er ein case in point; vi har tradisjonar, men å seie kva desse tradisjonane eigentleg "siktar til", er ikkje enkelt, eller, kanskje ikkje mogleg. Berre noko å strekke seg etter, kunne ein kanskje seie. Orientere seg om.

    SvarSlett
  3. Takk for tilbakemelding! Ja, eg satte det på spissen. Og er langt på veg einig både når det gjeld kompleksitet, nyanser og stegvis tilnærming. Det me eigentleg snakkar om, er vel å nærme seg det heilage på nye måtar i kyrkjelege samanheng. At det heilage lett "bare" blir noko uendelig fjernt i kyrkja, på bekostning av uendeleg nært? At det blir anten-eller istadanfor både-og? Har du nokre konkrete tankar om kva nye problem som oppstår? T.d. kva ein har å tape på å ta innover seg som ein realitet at ein ber saman med englane i liturgien? (om enn på bakgrunn av tradisjonar som gjer dei ei smule "ullne"). Er ein kanskje redd for å skremme folk bort frå DnK?

    SvarSlett
  4. Jeg har ikke hørt om Karl Gervin før du trekker ham fram og introduserer oss til hans perspektiver. Jeg tenker med meg selv: hvorfor er ikke han en biskop som kan lede Dnk? Er det fordi han ikke faller i smak i politiske kirkelige innstaser?
    I god jødisk tradisjon er det den som vil lære som finner en god lærer. En slår seg ikke bare til ro med det som blir servert og lagt til rette av andre. Slik også med dette funnet av Gervins bøker. Jeg liker det jeg hører.

    SvarSlett
  5. Takk for kommentarar:

    - Gunhild; ja, noko fjernt. Og på ein måte noko "verre" enn det også... Eg meiner - i ein røyndom av betong, asfalt, elektronikk, "støy" o. a., kan det heilage (og det naturlege, og det menneskelege, og det vakre etc.) lett bli ein "ikkje-kategori".

    Problem som oppstår...hm...altså, ja. Kanskje ein kunne seie at det dreier seg om "kontroll". Hm. Altså - å "sleppe kontrollen", anten det er kroppsleg, emosjonelt, intellektuelt etc. (eller altså; liturgisk og livssynsmessig), føreset tryggleik. Jødiske og kristne tradisjonar har mange "alvorlege" og potensielt skadelege element i seg, og desse treng på sett og vis å behandlast med autoritet, visdom, varsemd.

    Anne M. Ja, godt du likar det :) Ja, Gervin kunne nok ha vore biskop. No var han rett nok domprost i Oslo. Men det er klart at leiarar i folket ofte er eit uttrykk for folket dei leiar - både politisk og kyrkjeleg. Eg saknar også at biskopar er meir tydeleg rotfesta, så å seie.

    SvarSlett