fredag 3. september 2021

 Dagens refleksjon. Frå Gervin, om gudstenesta. Han har mykje visdom, og mykje er kondensert. Det beste er at ting er tilpassa vår norske røyndom, det er "ferdigtygd" på mange vis. Det er langt meir krevjande å lese ein ortodoks liturgiker, og så omsetje til vår samanheng. Så, nokre stikkord. 


Gudsteneste er:

- å tilbe i lag med englane (Sanctus)

- å favne alle ting (Credo, Eukaristi)

- å finne klårleik, visdom, hengivenheit og tilbeding (lesing)

- å løfte, ikkje forklare så mykje 

- å skilje mellom dagar og høgtider (Kyrkjeåret)

- å sjå dei lange linjene i heile historia 

- å svare på det naturlege menneske sin lengsel (grunn til å tenke nøye over)

- å la mennesket finne si naturlege form, i glede (mennesket tilbed og rettar seg av natur mot noko)

- å møte det heilage med ærefrykt (Kyrie, Gloria, syndsvedkjenning, Sanctus)

- å gjennomføre eit drama der alle har sine roller (leitourgia - folkets teneste)

- å gjere bruk av sakramentale teikn i handling (samanheng med at mysteriet ikkje kan gripast, berre peikast mot)

- å gjere synleg fornyinga av alle ting (kyrkjelyden og messa som symbol på Guds rike)

- å gjere nærverande Gud som kjelde; Kristus som formidlar; helgenar som vener og talsmenn

- å teikne verda som ein plass for både gleder og prøvingar på veg mot Guds rike

- å feire nattverd som offer, paktsfornying, bøn, vedkjenning, forsmak, glede

- å symbolisere, i måltidet, måltida gjennom frelseshistoria, og det evige måltid

- å uttrykke kunst og estetikk og musikk i ritualer (d. e. slik tabernakelet og tempelet skulle byggjast av vakre materiale etc.)

- å bringe orden, glede, setje krefter fri (optimalt sett...)



2 kommentarer: