mandag 20. september 2021

 Dagens refleksjon: Eg spela eit Risk-brettspel for ei stund sidan, og scenariet var frå andre verdskrig i 1941. Etter dette tenkte eg at eg ville setje meg meir inn i militærstrategiar frå denne tida. Så eg har studert ein del om austfronten i andre verdskrig. På mange vis var det verkeleg der det skjedde. Eg hadde på sett og vis inntrykket av at det gjekk slik: Militært inntog, nesten erobring av Moskva, så til Stalingrad, vinter kom og tok knekken på den tyske hæren, og så slo Sovjet attende. Hm, nei, slik var det ikkje nett. 

Det var svært mykje meir komplekst. Og det som slår meg (som også har slått meg før) er kor utruleg perfeksjonert den tyske krigføringa var. Men no skjøna eg også noko anna: Kor enorm kampviljen og uthaldenheita deira var. Det var månad på månad på månad med åtak, forsvar, motåtak, forsterkningar, strategiske vurderingar. Det var som om det aldri tok slutt. Og sjølv då tyskarane var på defensiven i 1943, så gav dei seg ikkje. Dei måtte verkeleg drivast attende, steg for steg, inntil 1945, med hard krigføring. (Sjå god og interessant oppsummering i YT-filmane "Eastern front WWII animated.") 

Det er veldig mange interessante ting ved dette, naturlegvis. Krig er spennande å lese om. Men tematikken er også interessant i ljos av den moderne industrielle/militære/kolonialistiske/nasjonalistiske/politisk-religiøse/moralske/kulturelle mentaliteten som dreiv det heile, og som hadde røter som strekte seg fleire hundre år bakover i tid. Igjen; det er lett å forenkle her. "Tyskland var frustrerte etter Versailles, og så kom økonomiske nedgangstider, og så gjekk dei rett inn i Hitlers politiske maktgrep." Det er mykje sant i dette, men som forståingsmodell, rekk det ikkje så langt. 

Kva var det eigentleg som dreiv Tyskland? Det er det interessante spørsmålet for meg. Mykje forstår eg av det, men ein del forstår eg ikkje. Mykje av nykjelen ligg i preussisk kompleks mentalitet, mistenker eg. Men også; moderne europeisk historie som sådan. Problemkomplekset vart forsøkt løyst, etter krigen, ved EU, global handel, konsum, velferdsstat, liberal ideologi. I vår tid byrjar analytikarar å ane eller jamvel forstå at desse løysingane ikkje er berekraftige. Utfordringa er då å finne gode, sunne, berekraftige vegar som ikkje gjer same feil som før. Slike vegar har eg naturlegvis mange tankar om. Men det er komplekse ting. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar