mandag 13. september 2021

Overnatting på Hamaren på Dalen. Eg søv rimeleg godt, kan eg seie. Veldig ulike forhold på 1200 m over havet, og på lun stad i skogen. Både mtp. vind og fukt og underlag. Men i fjellsida på Dalen kjem ein særleg nær på fuglar, ikkje minst rovfuglar. Dei skrik opp, høgt, og kjem jamvel ca. 5-10 m nært. Det skjedde seint på kvelden på veg opp, og på ny kl. 0430 under stjernehimmelen. Eit dilemma; ein kan bruke øyreproppar, og stenge ute all lyd, og sove godt. Naturopplevinga blir då langt mindre. Noko anna eg opplevde her, som eg også opplevde på Draumenuten. Når eg søv ute i naturen, blir draumane klårare, og kreativitet og musikalitet vert "opna opp". Finurleg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar