lørdag 25. september 2021

 Eg er ikkje nett ferdig med Gervin, men ventar litt med å gå vidare. Nokre refleksjonar på vegen, for det det er verdt:

- Nokon gjorde meg merksam på Thurfjells "Granskogsfolket", ei bok skrive av ein rlg historiker. Tesen? At "natur" har vorte "religion" for svenskar. Skogen blir ein stad svenskar søker for å finne ein slags indre ro, finne ein slags djupare røyndom, ein slags mystikk. Dei søker bort frå urbane kyrkjer, og ut i "naturens katedral". Dette er ei rørsle ein kan diskutere og "pakke ut", og det er mykje interessant her. Også eit stort og komplekst felt som ein kan seie veldig masse om. Men det er eit teikn som peikar i retning av å "binde saman" ("re-ligare") noko som i moderne tid har vore rive frå kvarandre. 

Thurfjell peikar elles på noko finurleg og viktig, nemleg at når ein går i skogen, så "finn du det du forventar å finne". Eit viktig poeng, som også er relevant i høve til generell erkjenning (ikkje minst også mtp. vitskapsteori). Fenomen kan vere rett under nasen vår, og vi kan likevel vere blinde for dei. Og røyndomen presenterer for oss ein overflod av perspektiv og djubder. Ein del av menneskeleg erkjenning er også å kreativt skape perspektiv. (Langt inni erkjenningsteorien her, og det er eit vanskeleg felt i filosofien). I alle høve, difor er stillheit og audmjuke så viktig i mystiske spiritualitetstradisjonar. 

Men ja. Kva er det eigentleg vi møter på når vi går i skogen? Kva er det vi skal gjere med skogen? Kva er det skogen vil med oss? Kva vil det seie å "høyre heime" her? Kva har skogen eigentleg med Gud og evangeliet å gjere? Det er viktige spørsmål. Hovudsaka må vere, for kyrkja, ei sakramental naturforståing; skogen og naturen som levande og mystisk union mellom det guddomelege og skaparverket. Og oss menneske som skapningar (--> natur) med ei mengd gjevne grenser som ikkje kan overskridast utan konsekvenser. Men, også med fridom og kreativitet til å erkjenne og gjere bruk av naturen. 

I alle høve er Thurfjells tema i "Granskogsfolket" veldig viktig, eit godt utgangspunkt for ein samtale om korleis vi som menneske kjem inn på ein betre kurs enn den moderne som vi no er inne på, i høve til skaparverket. 

2 kommentarer:

  1. Ein brasiliansk forskar seier ca 53 min inn i denne urovekkande dokumentaren https://tv.nrk.no/program/KOID21006021 , at det gjer han utruleg vondt at folk ikkje vil lytte. Vidare: "Urbefolkningen behandlar skogen mer varsomt og med respekt. De er barn av regnskogen. En av yanomamifolkets ledere sa til meg: -Hugger dere ned skogen, vil regnet stoppe. Da får vi ingenting å drikke eller spise. Jeg spurte han hvordan de visste om forbindelsen mellom skogen og regnet. -Forfedrene våre har alltid visst hvordan regnet blir til, sa han. De lærte det av skogens ånder".

    Her er det ein eller annan missing link, som me treng å finne att. Før det er for seint å redde både vasstilgangen og artsrikdommen. Ingen tvil om at yanomamifolket hadde og har tilgang til ein form for spiritualitet som me alle kunne trengt- Ikkje seinare, men nå.

    SvarSlett
  2. Ja, eg er samd. Og i det minste kan ein ha ei retning. På mange vis trur eg at kvar plante/organisme, har ei "sjel", ei "ånd". (Jamvel GT seier det; det er ikkje berre mennesket som har "sjel").

    SvarSlett