lørdag 11. september 2021


Det er korrespondanse mellom farge på kleda, farge i kroppen, farge i naturen. Dei heng saman her. Farge er ein mystisk ting, eg forstår ikkje mykje av det. (Farge i kjensler. Farge i musikk. Farge i...). Moderne mekanistisk materialisme hjelper ikkje. Men eg likar fargane i naturen rundt meg. Må prøve å ta utgangspunkt i dei, forstå kva det er fargane her uttrykker. Dvs. kva røyndom, kva personlegdom, kva retning, dei uttrykker. Også spennande: Når eg ser ein farge ein stad, å spørje - kvar i naturen finst denne fargen?






 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar