tirsdag 28. september 2021

 Gervin, denne gongen er kapittelet om Maria. Dette er eit felt og eit tema der det er ei slags kløft mellom protestantiske og katolske konfesjonar. Så her går protestantar inn i eit temafelt som er noko "uvant". Elles har romersk katolisisme også sine eigne utviklingsvegar her, som ikkje alltid stemmer overeins med ortodoks spiritualitet (jfr. moderne pavelege uttalingar om at Maria vart unnfanga utan synd, og teke opp til himmelen med kropp og sjel). 

Gervin byrjar med å peike på at Skrifta og tradisjonen på dette punktet så å seie glid over i kvarandre. Skrifta spring ut av Tradisjonen, og Skrifta peikar vidare ut mot Tradisjonen sitt vidare arbeid. Dette er naturlegvis eit prinsipielt punkt som er veldig konsekvensrikt. I den økumeniske dialogen kan ein seie at både luthersk og katolsk her har fått sine nye innsiktar i moderne tid. (Jfr. til dømes Newman og Vaticanum II, eller moderne historisk systematikk og bibelforskning hjå t. d. Pannenberg, Bultmann, Kugel etc.)

Attende til Maria, Gervin nemner her mykje forskjellig; eg tek med litt her og der om det:

- Maria fekk bodskap om at Messias skulle bli fødd, at Guds rike skulle kome nær. Ho svara "ja" til dette, og vart eit førebilete i tru og von og kjærleik. 

- Maria vart Jesu mor - og dermed også mor til kyrkja, som er Kristi kropp. (Dette er nok då eit døme på tradisjonens "vidareutviklande" tankar). 

- I tradisjonen, også i norsk historie, har det vorte bede tre gonger om dagen, morgon, ettermiddag, kveld. Denne bøna vert kalla "Angelus", med utg. pkt. i "Herrens engel sa til Maria". Mao. ei påminning om inkarnasjonen. Når klokkene i gudstenesta i dag ringar 3x3 slag, er dette henta frå Angelus-tradisjonen (Dette var nytt for meg). 

- Laurdagen har i Tradisjonen vore Maria sin dag. Ave Maria er den mest bedne bøna, etter Herrens bøn. 

- I ortodoks tradisjon vektlegg ikona at Maria er "den milde møya", den som viser veg, den som ber mysteria. Ho er aldri åleine, sidan ho peikar vidare, forbi seg sjølv. 


- Skrifta seier ein del om Maria, eksplisitt og implisitt, og Tradisjonen har bruka, og vidareutvikla, dette stoffet. 

--> Eva fall og vart opphav til synd, Maria var lydig og vart reiskap til frelse. 

--> Den brennande busken i 2 Mos har vorte sett som eit bilete på Maria, som fødde og forblei møy. 

--> Maria har vorte identifisert med Visdomen i Ordtøka; "den som finn meg, finn livet og finn nåde". (Visdomen er ein kvinneleg figur, og elles i NT blir den knytt til både Kristus og Anden, for øvrig.)

--> Kvinner i GT har vorte sett som forløparar for Maria; Judit, Ester, Debora.

--> Maria er "Stella Maris", havsstjerna som viser veg på havet. 

--> Høgsongen har vorte sett som ein kjærleikssong både mellom Faderen og Maria, og Kristus og kyrkja. Her er mange tekstar ein har bruka og teke utgangspunkt i. 

--> Maria har vorte knytt til "tilsynekomstar" ved heilage stader, kyrkjer, sakramentale objekt o. a. 

--> Maria fekk høyre at "ingenting er umogleg for Gud", og det viser attende til Sara som fekk høyre det same, då ho vart med barn i høg alder. 

--> Maria har vorte samanlikna med "Paktens ark" i tempelet; Gud overskugga denne i tempelet, og slik skulle Guds kraft overskugge Maria ved inkarnasjonen. Maria blir då den staden der Guds nærvere er å finne, slik tempelet var det i GT. 


Det får halde for denne posten, men Gervin skriv ein del meir også. Det kjem nok etter kvart. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar