torsdag 23. september 2021

Dagens refleksjon. Bygdevekst, det tenker mange på for tida. Det er bra. Som alltid mykje ein kunne seie om noko slikt. Eg tenker no på dette: Det har vore ein viss mentalitet som har skapt avfolkinga av bygdene, både mtp. fallande barnetal og mtp. og straumen inn til byar (og mtp. mykje anna innan kultur, økonomi, teknologi). Meir av denne mentaliteten, vil nok skape meir av det same resultatet. Heller blir det lurt, trur eg, å tenke på kva bygder kan gje, som ikkje byar kan. Her er mange "skjulte skattar", kunne ein seie. Men, også mange dilemma. Og det går naturlegvis også an å bu i ein by og ha det bra. Her har kvar fridom til å velje. Skjønt - politikk og samfunnskrefter legg føringar.

4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eit aldri så lite brot på nettfasten min, nå med korrekt brukarid:

    Det er mykje visdom å hente i "Røta" av Hellbillies, synest eg. Sangen seier at det ikkje er likegyldig kvar ein er i verda. At noko i oss lengtar heim att, ein impuls til å søke tilbake til det me kjem frå. Eller snudd på hovudet, for å bu ei framand bygd/by må ein verkeleg vere modig, evne å slå nye røter, tilpasse seg kreativt. I tillegg kjem det også mykje an på mentaliteten i den aktuelle bygda/byen, om dei inst inne ønskar at framandfolk/innflyttarar skal bli verande og trivast, og dele av "skattene sine".

    Ein enklare (og kraftig undervurdert) veg er å stelle fint med dei røtene ein allereie har, dei som har vekse seg djupe og sterke gjennom generasjonar og tilpassa seg jordsmonn, bakterieflora, klima osb. Og heilt sikkert påverka arvematerialet ein fekk tildelt ved starten av livet (epigenitikk). Kanskje kunne også 1., 2. og 3. generasjons utflyttarar finne att røtene sine, om dei verkeleg ville det? Ref. også korleis samane nå tek tilbake språk og kultur (røtene sine?), etter generasjonar med undertrykking (og utan at dei nødvendigvis har reist fysisk bort frå heimstaden sin).

    «Skål for den sangen som kan lokke uss heim».


    Har du ein draum som du ikkji kan nå,
    Kan du vegen som føre derifrå
    Har ein sang som gjer sjele di varm
    Som når du kvile ved ein jentebarm..

    Då har du røta du ikkji må fløta
    Må kji lure deg sjøl
    Det går ein veg mellom fortid og framtid
    Ikkji heft deg med møl
    Det renn ei elv gjennom ro og larm
    Av hjarteslag, held sjele di varm
    Som å vakne ved jentebarm

    Eg har ein sang som set tanken min fri
    Skarpe fargu i finstemt harmoni
    Skjenk eit glas, eg ska ikkji bi sein
    Skål for den sangen som kan lokke uss heim

    For eg har røta eg ikkji kan fløta
    Slutta lure meg sjøl
    Det går ein veg mellom fortid og framtid
    Ikkji heft meg med møl
    Det renn ei elv gjennom ro og larm
    Ein puls av liv, gjer sjele mi varm
    Som å vakne ved jentebarm

    SvarSlett
  3. Hm, takk. Den songen skal eg lytte nøye til, når eg har tid. Underleg at ein kan finne slik visdom på uventa stader. Takk også for refleksjonar. Det er mykje i desse tinga, eg skal reflektere over dei. Eg las ein stad, at røter, tradisjonar, kultur, slekt etc., er som å ha eit stort eiketre i hagen. Å miste desse tinga, er som at treet blir hogd ned. Men då tek det tid å få noko til vekse fram att. (Og tenk dersom plassen blir asfaltert :-s) .

    SvarSlett
  4. Nei isåfall må ein vere eit løvetannbarn (ha mykje resilience), for å klare å bryte gjennom asfalten-

    Dei to siste versa fall visst ute (inkl eit ikkje uvesentlig poeng):
    Ta denna sangen - her kjem ditt refreng
    For gamle veni kunne ikkji kjøpast for peng

    (refreng)

    SvarSlett