søndag 19. september 2021

Dagens refleksjon. Det er slik, at kristendomen er ein antikk religion. Den høyrer heime i ein idéhistorisk epoke, og gjev på mange vis meining ut frå denne. Men biletet er også samansett og komplekst og spenningsfullt. Kristendomen stod også i djupe tradisjonar, frå jødedom, Babylon, Assyria, Egypt - og Hellas. Og den har skapt, og teke opp i seg, andre, og seinare, tradisjonar. Kristendomen "har" ikkje ein filosofi, skjønt - den er på mange vis sjølv ein filosofi, og den er vove saman med filosofiske straumar, altså særleg frå antikken og samtida. Den er også dynamisk, og kan i mange tilfelle bli vove saman med nye straumar på komplekst vis (beklager sloppy metaforikk). Det får halde for i dag. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar