fredag 17. september 2021

Dagens refleksjon. Med Nietzsche er det slik. At han på mange vis var ein mann i psykisk og fysisk (etc) ubalanse. Men, det han sa, var ofte ein naudsynt reaksjon på noko som også var i ubalanse i hans bakgrunnskultur. [Balanse...hm...eit interessant figurativt og bokstaveleg konsept. Balanse er bra å ha, men for å kome vidare i livet, må ein også kunne øve seg i å miste balansen, og meistre balansen. Ein kan ikkje berre liggje flatt på marka.] Nietzsche talar då m. a. om å vere kreativ, og å bruke viljen. Kreativitet og vilje føreset - mellom anna - fridom. Alle desse konsepta, trur eg vi bør seie, var vanskelege og problematiske i hans protestantisk-pietistiske bakgrunn. I Mackeys svært tankevekkande systematiske teologi Christianity and Creation, blir kvart kapittel såleis innleidd med eit sitat frå Nietzsche. Hans innspel kan seiast å vere "ateistiske", men med like stor grunn kan dei seiast å vere vektige innspel inn i kristen tradisjon og kyrkjeleg sjølvforståing. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar