onsdag 15. september 2021

Dagens refleksjon. Mi meining: Nett og sosiale medier er ikkje bra, sånn "netto". Her finst mange gode og seriøse "sosial-kritiske" analysar av komplekset, jfr. Sh Zuboff; R Lustig; N Carr; J Lanier; Sh Turkle. Så eg viser til dei. Men i møte med ein slik situasjon, blir ordet "askese" på mange vis relevant. Ordet kjem av; trening, øving. Vart bruka om handverkar, kunstnar. Stoikarane bruka det om å kontrollere sine impulsar og drifter som veg til dygd. Kristendomen hadde mykje til felles med slike ideal, som så vart halde høgt i klosterrørslene. Kan askese gjere at livet vert rikare, ikkje fattigare? Friare, ikkje meir bunde?Jo. Men det er ikkje ein "endebein" veg, og det krev meir enn vilje og tankeverksemd. Også, fellesskap, tradisjon, kultur, liturgi og mykje anna. 

6 kommentarer:

  1. Askese er store norske leksikon definert slik "forsakelse av verdslige eller sanselige gleder ved avholdenhet fra mat, nytelsesmidler, søvn, seksuell aktivitet og lignende. Askese har som formål å trene viljen eller tanken. Askese er gjerne knyttet til religionsutøvelse og kan også inkludere selvpinsel, frivillig isolasjon, selvpålagt fattigdom eller taushet. Askesen skal styrke eller frigjøre det åndelige liv og kan være et middel til å oppnå ekstase eller visjoner. Hos skriftløse folk kan askese være et viktig innslag i overgangsriter".

    Eg er ikkje så sikker på at askese er svaret i møtet med nett og sosiale medier. Det som er mest karakteriserende for nett og sosiale medier er kor avhengigheitsskapande dei er. Dei er, som alle andre avhengigheiter, substitutt for det me "eigentleg" treng. Og kanskje også ganske dårlege substitutt? Kanskje er den som sit på nettet døgeret rundt den mest asketiske/ivsfornektende av oss alle? Min påstand er iallefall at den sanselege gleda er langt større ved ekte møte mellom levande vesen, enn ved bruk av nett og sosiale medier. Samtidig skal ein heller ikkje underslå ein viss nytteverdi, i tilfelle der ekte møte i av ulike årsaker ikkje lar seg gjennomføre (som under isolasjon i koronatida, eller der geografisk avstand er stor).

    Det eg har meir trua på er faste, gjerne knytt til fastetida i kyrkjeåret. Eg synest sjølv eg praktiserte faste frå sosiale medier og internett med hell førre fastetid. Det kan vere godt å kjenne at ein har val, at ein ikkje må vere eit offer for impulsene sine og har evne til sjøldisiplin (ref vårt tidlegare ordskifte om kor mykje makt me eigentleg har til å påverke vår eigen situasjon). Også godt å ta ei ordentleg pause frå det massive trykket av inntrykk, og lage rom for stilla. Det beste utgangspunktet for faste trur eg er dersom den er individuelt tilpassa, ved at kvar og ein har eit lite oppgjer med sin avhengigheit (enten det er shopping, alkohol, nett eller noko heilt anna). Og at ein i neste rekke prøvar å få tak i dei eigentlege behova sine, og kanskje meditere litt over alternative måtar å fylle desse behova på.

    Ein slik praksis trur eg faktisk kan munne ut i mindre netto livsfornekting/askese. Avgrensing av nettbruk for ein periode kan også skape rom for noko anna (og der kjem det inn, alt du nemner mot slutten, av felleskap, tradisjon, kultur, liturgi osb.). Kanskje finn ein t.o.m. ut at det finst alternativ som er meir attraktive enn nettet og sosiale medier, slik at sjølvpålagt askese vert overflødig?

    SvarSlett
  2. Hm. Ja, eg delar mange av tankane. Men askese og faste er nok mykje av det same. Tradisjonelt sett har fastetida vore knytt nettopp til dei temaa som vert nemnt i snl-artikkelen (mat, seksualitet, alkohol, kjøt o. a.) Men dette har veksla med festdagane, då det er høveleg og rett å utfalde seg på ulikt vis (dans, mat, seksualitet, opptog, drama, pynt etc.)

    Med nett og sosiale medier er eg meir usikker. Eg trur det er mykje rett, ja - det er livsfornekting, på mange vis, og også (ja), fordi eigentlege behov ikkje er dekte. Eg trur ikkje eg ville kalle det "askese", meir "last", eller "makt".

    Men ja, eg delar mange av tankane her. Eg funderer ofte også på kva språk og tone ein skal bruke mtp. desse tinga. Det er rett å vere varsam, oftast, og nett-språk er særleg utsett for å bli "inflammatory". Men ein har å gjere med store og avgjerande problemstillingar i vår tid, med mykje på spel, og mange som er skadelidande.

    SvarSlett
  3. Ja, du har rett. Fasten er også asketisk. Av ein eller annan grunn gav ordet faste meg andre assosiasjoner. Kanskje fordi eg tenkte at fasteomgrepet inneber meir enn bare askese (som t.d. bønn, refleksjon, botgjering, andeleg fornying, rensing) er tidsavgrensa/integrert i ein heilskap og balanserast opp med festdagar. Men for alt eg veit, kan dette godt også vere kjenneteikn ved askese.


    Last eller makt er også beskrivande for fenomenet. Kanskje ville lasta få mindre makt over oss, om me innsåg kor asketisk den nettbaserte livsstilen eigentleg er-

    Eg er einig i at ein bør vere varsam med språkbruken. Samtidig som ein er tilstrekkeleg tydeleg. Det er etter mitt syn ikkje snakk om "me" og "dei", men om "oss". Det er ingen som kan la vere å forhalde seg til den digitale verda, iallefall ikkje i vårt land. Også dei som fell utanfor berørt. Eg leste om ein person på over 100 år, som var lei seg for at ho ikkje fekk stemt i år. Der hadde all info om opplegget gått digitalt, i tillegg til nokre få oppslag i avisa.

    Ifølgje Wikipedia er det mindre vekt på faste i protestantisk samanheng. Veit du kvifor?

    SvarSlett
  4. Hm, eg vil tru at det har å gjere både med at faste vert sett på som reint "optional" og ikkje-essensielt; at ein har kjent at det smakar av "gjerningsrettferd"; at det ikkje finst kyrkjeautoritet eller tradisjon for å "handheve" det. Eg veit ikkje sjølv kva som ville vere optimal kyrkjeleg praksis her...

    Interessant med "vi" og "dei", ja. Det er vel som ofte med avhengigheit i ulike former, at det kan vere vanskeleg å erkjenne og innrømme. Men asketisk, eller kva ein skal kalle det, det trur eg er eit viktig poeng. "Livet er ikkje der", så å seie. Ein kan også tenke slik: Den som sit 3 timar dagleg på sosiale medier (som var gjennomsnittet, så vidt eg forstod), ser i praksis 3 timar inn i ein plastskjerm kvar dag. På nokre måtar ganske patologisk. Men viktig å finne konstruktive vegar, tenker eg. Eg vil tru at du har vunne mykje visdom her, i så måte.

    SvarSlett
  5. Hm, eg har ein lang veg å gå i å omsette teori til praksis (ref overskriding av dagens kommentarkvote, rett nok gjort med awareness for å understreke poenget :). Men trøystar meg med at avhengigheit på gestaltspråket kallast for kreativ tilpassing (som alle andre meir eller mindre destruktive måtar me vel å innrette oss på, for å meistre liva våra). Me gjer alle så godt me kan, og med auka varheit får me større valfridom, og dermed moglegheit til å slå inn på meir konstruktive vegar. Som du seier, eit første vanskeleg og viktig steg er å erkjenne at ein er avhengig av nett/sosiale medier.

    SvarSlett
  6. Hei, ja, skjønar og sympatiserer, så å seie.

    SvarSlett