mandag 6. september 2021

Dagens refleksjon. Kva eg lærte av å overnatte på Draumenuten. 
- Det er underleg å sjå utover store, stille naturlandskap når mørket senker seg. Og - fyrst viser ei stjerne seg, så kjem mange andre fram. 
- Det er underleg å oppleve vind på ein fjelltopp, når ein ligg på bakken i mørket; ein kan kjenne vinden som fyk frå langt nedi dalen, oppover fjellsida, raskt over kroppen og så andletet og går vidare. Det går FORT. Det er som at vinden stadig dultar borti kroppen. Vinden kjennast levande. (Kanskje fordi den er det; på generell basis fylgjer eg ideen om Gaia og "verdssjela", og det finst jo også forskning som viser korleis bakteriar manipulerer hav og vind etc. I det heile er det også glidande overgangar mellom gudskraft, pust og vind i gamle tradisjonar. Kven veit.)
- Eg får respekt for naturkreftene. Vel og bra å overnatte på tampen av sumaren; hadde dette vore på vinterhalvåret, med kulde, snostorm, hadde eg hatt problem. Det hadde krevd meir planleggjing. 
- Fjellduk+dunsovepose+liggjeunderlag var heldigvis varmt nok for denne tida på året. Dunsoveposen lovar å gå ned til ca. 10 minus, men i praksis går den vel ned til 0. 
- Draumar blir meir levande når ein er ute i naturen utan kunstige inntrykk.
- På morgonen var det tåke og vått; uventa. Fjellduk var faktisk essensielt. Våt sovepose er ikkje så gøy. Men eg var tørr og varm. Men det er også ein teknikk å sove i fjellduk i vind. Når den er open, får vinden tak, og det blafrar og dreg. Når den stengast att, får ein ikkje luft. Så eg bruka arm-opninga til luft, funka bra. Men sov berre ca 5 timar, kanskje. 
- Det var stig opp til fjellet; utan stig hadde turen attende i tåka vore meir risikabel, mtp bratte heng. 
- Gå på tur til eit fjell og overnatte; litt meiningslaust? litt meiningsfullt? Eg er ingen Lars Monsen, men godt å kome i kontakt med naturen og å gjere noko nytt. Og Tokke har herleg og variert natur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar