torsdag 30. september 2021

Dagens refleksjon, denne gongen om det alvorlege - men også veldig spennande! - temaet andre verdskrig. 


Eg har høyrt på ein lengre podkast om Stalingrad, har forsøkt å forstå både militære strategiar og indre logikk i krigføringa i andre verdskrig. Det har vore veldig gjevande og spennande og tankevekkande.  Eg har særleg fundert på kva som "dreiv" Tyskland, i krigføringa. Kershaws biografi om Hitler gjev "bak scenen"-informasjon, samt analysar, som er veldig interessante og opplysande. Nokre funderingar om dette temaet - eit tema som pdes. er langt unna vår røyndom, men pdas. slett ikkje er det (både fordi det er 75 år sidan, og fordi føresetnadene for hendingane låg i moderniteten, ein epoke som vi på mange vis framleis er inne i.

--

Kva dreiv Tyskland til åtak på Sovjet? Propagandaen sa at Sovjet var på nippet av å gå til åtak på Europa, og utslette Tyskland. Mange tyskarar trudde også på dette. Meir generelt var det ein sterk motvilje mot "jødisk bolsjevisme"; dette var ein dødsfiende som måtte øydeleggjast. Spenningar på dette feltet hadde naturlegvis røter særleg attende til 1800-talet. Revolusjon låg i lufta, og europeiske regjeringar måtte kome til rette med sosial naud i den etter kvart oppståtte arbeiderklassen, som fylgje av industrialisering, urbanisering, avvikling av bondeliv o. a. I Tyskland var dette også vove saman med jødehatet, som i moderne tid også fekk rasebiologiske grunngjevingar. 


Så langt, så kjent. Noko som er mindre kjent, er at Hitler såg Sovjet som "sitt India". D. e. mykje av motivasjonen for krigføringa var modellert etter britisk kolonialisme i India, og også koloniseringa av Amerika og naturlegvis Afrika. Skjønt - Hitler og co ville ikkje ha så mange koloniar. Heller var tanken å invadere Russland, utslette dei største byane, utrydde og/eller deportere russarar og særleg jødar. Så skulle tyskarane busetje seg i Sovjet vest for Ural, og ha dei attverande russarane som slavefolk. Hitler ville byggje opp dette storriket i løpet av dei neste 70-80 åra, så dei skulle bli eit stort "bonde-krigar"-folk. Så skulle dei befeste Riket for fleire hundreår framover. 

Det var ein megalomanisk tanke som snart skulle brynast mot røyndomen. Men sjølv om Hitlers planar var urealistiske og totalt inhumane, så høyrde dei likevel heime i moderne tid. Bismarck hadde, ikkje lenge før, med militær og diplomatisk kløkt, lagt under seg dei tyske delstatane, og jamvel invadert Frankrike. Det var då ein hemn for m. a. Napoleons krig mot Europa i "opplysninga" sitt namn. På slutten av 1800-talet hadde jamvel dei europeiske maktene teknisk og rasjonelt dela opp Afrika med linjal, under leiing av Bismarck sjølv. 

Preussen hadde elles over generasjonar foredla krigføringa, mtp. både disiplin og strategi. Dei var eit dødeleg våpen i hendene på den som leia staten, skulle det vise seg. Mange generalar såg på det som utenkeleg å gå imot militære ordrar, uavhengig av kor destruktive dei var ("preussisk militærdisiplin"; Hitler kunne lett gje ordrar som ville medføre unødig tap av 100 000-vis av liv, også tyske; ein skulle "gjere det for landet" etc. Det skulle bli skjebnesvangert igjennom den andre verdskrigen). Skjønt, Hitler hadde kontinuerleg eit spenningsfullt forhold til sine generalar, og mange av dei prøvde å tøye ordrane, bestride dei, utfordre dei. Men Hitler fekk det siste ordet, fordi makta var hans. 

Hitler stod såleis i ganske tydelege historiske linjer. Og han stod også i tydeleg historisk samanheng då han vektla behovet for råvarer i ein kapitalistisk/industriell økonomi. Dette hadde altså vore ein hovudmotivasjon for kolonialisme og imperiebyggjing. Men, nazismen ville verken vere kommunistisk, eller engelsk-liberal, eller fransk-opplysningsbasert (som Napoleon) Heller eit "imperium", der "Folket" og rasen vart sett over alle andre ting. Det kan ein kanskje seie var eit særeige trekk ved nazismens militære imperiebyggjing.

Hitler hadde altså brei stønad i både tysk/europeisk historie, mentalitet og befolkning, for mykje av motivasjonane i krigføringa. Det er eit djupt memento, som ein ikkje kan gjere seg så fort ferdig med. Han var også sjølv djupt traumatisert av WW1, og han klarte aldri heilt det å leve som eit normalt menneske, verken før eller etter denne krigen. På nokre vis var han sjølv eit offer for den "flytande moderniteten", inkl. det som denne førte med seg av sosial og kulturell oppløysing, og "middelklassens ambisjonar" (som Hitler slett ikkje klarte å oppfylle). I det heile må ein her seie at det er flytande overgangar mellom traumatisering av individet og traumatisering av kultur som heilskap. 

Det Hitler derimot kunne, var a) å vere soldat, og b) å drive med politisk agitasjon og demagogi. Hitler var på mange vis ein middelmådig mann - men han var "rett mann på rett tid", om ein skal seie det slik. Han kunne utnytte straumane i kulturen og den historiske augneblinken, "gå opp i dei", og forsterke dei valdsamt. Og dette fekk ein slags "momentum", ein "eigen kraft". Når nazist-organisasjonen var bygd opp, med sine maktstrukturar og sin propaganda, vart dette ein maskin som det var mest umogleg å stoppe, så lenge Hitler var såpass fanatisk. Ein del nazistar "overbaud" jamvel Hitler i vondskap, og Hitler godtok dette. For øvrig var store delar av makt-eliten i samfunnet (privat og offentleg) bak Hitler, heilt inntil godt uti krigen. 

Eit anna vesentleg poeng, som t. d. Bauman har peika på, er kor moderne heile rørsla var, mtp. teknologi, byråkrati, statsapparat. Også her er det linjer bakover - og framover. Ja - nazismen tala om "Blut und Boden", slekt og jord etc. I så måte var den "anti-moderne". Men i større grad var rørsla moderne, t. d. i sentralisering, byråkratisering, industrialisering, militarisering, kommunikasjonsteknologi, samfunnsutopi mm. Det viktige poenget ang. teknologi, er at denne slett ikkje er "nøytral", og slett ikkje er eit uttrykk for "rein viten" el. l. Gen 1-11 er her tidlaust relevant, skulle ein tru, når ein her peikar på konsekvensene av å gå utover gjevne grenser. Moderne krigføring sin destruktivitet hadde teknologi og teknisk administrasjon som naudsynt premiss.


Det var nokre tankar om eit veldig spennande og veldig heftig felt. Kanskje det kjem meir etter kvart.

2 kommentarer:

  1. Jeg sto og saumfarte bokhyllene på skolebiblioteket på Kvitsund i går, med tanke på å finne noe om russisk historie, men fant ikke noe der jeg lette. Jeg tenke på det store området av verden og hvor lite jeg vet om det, og hvor mye vi kunne berikes og glede oss over om vi hadde mer kontakt med det alminnelige kulturlivet der.

    Hva ville det russiske perspektivet være på Hitlers aggresjon? Hvilken pris betalte de for sin motstand? Hvilke ideologier drev dem? Kommunismen var en politisk ideologi; men hvilke andre holdninger beveger seg i folk? Hadde kirken innflytelse?
    Jeg må innrømme at jeg har lest lite av russisk litteratur. Det rer vel de ren kan bli best kjent med hverdagsfilosofiene. Jeg registrerte Tolstojs «Krig og fred» i tre tykke bind på biblioteket. Hm. Om den finnes som lydbok, kunne jeg kanskje få til å bli kjent med den, eller om vi la opp til høytlesningskvelder...

    SvarSlett
  2. Ja, dette er verkeleg spennande å fundere på. Russisk kultur er jo veldig mykje forskjellig, masse folkegrupper og epokar og uttrykk. Men det er ein brådjup kultur også, på mange vis, har eg inntrykk av. Tankevekkande at under krigen mot Stalingrad snudde Stalin kurs; han slutta med antireligiøs propaganda, opna opp kyrkjene og appellerte til fedrelandskjærleik. Tolstoj har eg aldri lese, men vise menneske meiner det er toppen av verdslitteraturen :)

    SvarSlett