tirsdag 31. august 2021

 Dagens refleksjon, eg held fram i same sporet som førre. "Lei milde ljos". Ein salme skriven av JH Newman. Mykje bruka i gravferder. Tolkast rimelegvis om at den døde no talar om korleis han/ho må finne vegen gjennom skodda og heim til Gud. Det var lenge eg ikkje tenkte slik, og eg kunne ikkje nett skjøne kvifor nett denne salmen var så populær i gravferder. Men det er ei bøn om nåde, frå den avdøde, eller for den avdøde, på vegne av dei som fylgjer han/ho til grava. Liksom De profundis, salme 130, den sentrale liturgiske bøna i vestleg gravferdstradisjon. (Arvo Pärt sin versjon er djup). 

Generelt er dette eit tema i katolsk tradisjon, ikkje så mykje i protestantisk tradisjon. Så det er tankevekkande for meg; eit økumenisk steg. Liturgien har også fått inn innleiingsord: "Saman vil vi overgje han/ho i Guds hender". Det var omdiskutert då det vart innført. Seinare i liturgien bed liturgen: "I dine hender overgjev eg mi ånd, du forløyser meg, du trufaste Gud". Gervin skriv elles at bøn for den avdøde ikkje vart avvist av Luther, men heller ikkje oppfordra til. 

Dette er også noko tankevekkande i temaet "leitourgia"; "[folkets] offentlege arbeid". Eg hadde ei gong ei gravferd, då ein pårørande sa: "No er NN død, men det eg ynskjer no, er å gjere det eg kan for han/henne". Ein kan gjere mykje for den avdøde, i tilordning av gravleggjing, sorgarbeid, seremoni o. a. Eitt poeng som har kome opp att i lokale gravferdstradisjonar, er dette å senke kista med tau. Det er ei handgripeleg teneste (av mange andre tenester). Ikkje nett ei sakramental handling, men ei handling med mykje meining og symbolikk i seg. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar