torsdag 26. august 2021

Eg tala ein gong med ein polakk. Han sa at han ikkje likte messa. Det var for einsformig, repetitativt etc. Som eg på ein måte godt kan forstå. Dette var også ein diskusjon på reformasjonstida (ein av mange som vi ikkje er ferdige med, verken i kyrkja eller i vesten generelt). Skal presten halde messe dagleg, jamvel dersom han er heilt åleine? Novel. "I withhold my judgment", som det heiter. Og eg tykkjer ei messe bør gjerast festleg, fargerik, kulturbunde, rik på fellesskap etc. (Noko også den katolske kyrkja har betona mykje i etterkrigstida). 

Men det som er sikkert, er at det er mykje kraft i riter og samlingar som "går sin gang", på forutsigbart vis. Meir enn store "happenings" som kjem og går. Faste handlingar skaper tryggleik, gjer at ein kan "sjå inn i framtida", gjer at ein kan byggje opp noko, investere (eigentleg "gje nye klede og ei ny form"), erfare og justere og forbetre. Det er ein nykjel til sunn vekst og utvikling, på ein måte. Samstundes krev det truskap og vilje og disiplin og offer. "Byggje og bu". Men forhåpentlegvis kan ein oppleve at "meir enn du gav, fekk du att", som HM Vesaas seier. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar