mandag 30. august 2021

Eg les Karl Gervins "Har kirken glemt sin hukommelse". Veldig interessant bok om luthersk dialog med breiare økumenisk liturgisk og spirituell tradisjon. Han har veldig mange interessante og viktige refleksjonar om kva særleg gudstenesta treng, av fornying eller "for-elding". Det utfordrande er at ein stadig møter på kva reformatorane tok oppgjer med, og då må ein også spørje kvifor dei gjorde det - og om deira vegval kunne trenge revisjon eller i det minste eit friskt blikk. 

(Vaticanum II tok for øvrig mange steg nærare reformasjonsanliggenda - men endra ikkje grunnteologi, slik dei norske konservative hovdingane korrekt poengterte. Likevel; eit spørsmål eg ofte funderer på, er i kva grad meir uhandgripelege endringar knytt til tolking, forståing, praksis, vektleggjing o. a. ikkje i praksis kan medføre reell teologisk endring, så å seie. Klassisk problemstilling i kyrkjehistoria, generelt sett). 

I nokre tilfelle er kyrkja, som KG poengterer, "meir lutherske enn Luther", til dømes når ein har avskaffa tradisjonar som Luther sjølv kunne stille seg positiv eller nøytral til. (Jfr. til dømes kyrkjekunst, røykjelse, helgentradisjonar, krossmerket o. a.) Andre gonger støyter ein på relle og djupe usemjer om kva gudstenesta eigentleg er, kva vis Gud faktisk møter oss, kva meininga med tradisjon er, korleis vi blir teke imot i nåde o. a. Skjønt - det kan også vere at ein talar forbi kvarandre. Og det er veldig stor skilnad på det å ynskje å finne semje, og å strekke seg - eller det å ikkje ynskje det, og vektleggje det som skiljer. 

Vanskelege problemstillingar, til dels. Så ein får vere raus og romsleg og ta små steg om gongen. Det er mykje som er vanskeleg generelt, og for eigen del må det vere eit generelt mål at gudstenesta byggjer opp, gjev glede og tryggleik og livsmot (skjønt - tradisjonane peikar til tider i andre retningar - slik livet også til gagns kan gjere. Men til sist ender alt godt, får vi tru). 


Det ein likevel ser, er at desse spirituelle og teologiske tinga har å gjere med "the very stuff of life and reality". Altså; dersom kyrkja kuttar ut "det heilage", rituale, englar etc. så sit ein ikkje att med eit sekulært, nøytralt liv. Ein får heller "migrations of the holy", til andre felt av livet og samfunnet. (T. d. politisk religion, eller "religionsgjering" av media, sport, medisin, marknad, sosialetikk etc.) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar