tirsdag 24. august 2021

Dagens refleksjon.

På den eine sida kan ein analysere. Sjå dei lange historiske linjene. Bruke det ein har av visdom og livsrøynsle. Analysere trendar og teikn i tida, og analysere verdssamfunnet. Eige forståing og innsikt, og ekstrapolere og spekulere. Men - "menneskji spår, men de æ Gud som rår", som ei gamal dame sa til meg ein gong for lenge sidan. Dette var Tolkiens store poeng i LOTR. Å sjå inn i palantiren, er å sjå inn i ein "speculum", i den gamle middelalderske tydinga - å sjå inn i glaskula. Dette er noko å fundere på, kvifor Tolkien reagerte så sterkt på dette. Han hadde levd gjennom to verdskrigar og valdsame brytningar i det indre og ytre liv i Europa. 

Noko av poenget er at ein kan sjå bitar av framtida, men å tolke desse er vanskeleg (d. e. å sjå det store biletet, kva som faktisk vil skje). Og å basere liv og planar på det, er risikabelt; ein kan kome feil ut. Sjølv har eg ofte tenkt at palantiren liknar mistenkeleg på både TV og internett, og eg trur det er rimelege fellestrekk her, som Tolkien også erkjente (jfr. massemedia, propaganda o. a.) Tolkiens poeng er uansett ofte at det gode liv er å vere modig, vere trufast, gjere det gode, ha ein god kurs, stole på at det finst ei hand og ein vilje i det heile. Det er hovudmålet - å finne og fylgje denne grunnkursen. Og her gjev også Tolkien mykje food for thought. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar