tirsdag 13. juli 2021

Ringen freistar kontinuerleg. Den freistar ALLE. Mennesket meir enn andre. Men også Elrond og Gandalf og Galadriel - og hobbitar. Skjønt - éin kan stå imot, det er Tom Bombadil, som er før alle ting og lever djupt inne i gamalskogen. (Druide, skogsånd, Logos). Men han nektar å gå utanfor skogen sin.

Kva er ringen? Makt, naturlegvis. Makt - men ei særskilt makt. Dette er ein oppvekkar for meg. Det er ei makt som også freistar oss, i svært sterk grad. Ringen er "maskinen". Industri, masseproduksjon, konsum, jern og stål, damp og eksos og olje, kapital og marknad. Alt til øydeleggjing av naturen og det sant menneskelege - skildra særleg i the Shire, men også i andre delar av Middle-earth. 

Klassisk problemstilling, jfr. W Morris, J Ruskin. Palmer/Colton/Kramer skriv godt om dette. Det var vestleg kolonialisering - samt sentralisering av statsmakt i etterkant av fransk revolusjon - som fasiliterte industrialisering og auke i militærmakt. Reformasjonen (reformasjonane?) spelar ei nykjelrolle hakket bak i idéhistoria. 

Tolkien inntek naturlegvis eit standpunkt. Katolsk-platonsk-romantisk-agrart-middelaldersk-mytologisk syn på kva som er det gode samfunnet. Ikkje alle vil vere samde med han - hans styrke er at han brukar andre verkemiddel enn reint logiske, "vitskaplege" etc. for å fremje si sak. Og kor mykje industri og teknologi og marknad - og kva type - er "wholesome"? Stor diskusjon. Laudato si er nok blant dei beste og mest ansvarlege bidraga her. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar