onsdag 7. juli 2021

Demos - kratein. Demokrati. Ein tanke med røter i m. a. antikken. Dog i vår tid påverka av kristen og jødisk tradisjon, opplysningstid, historiske straumar og prosessar med mange konsekvensrike merke-hendingar. Demokrati i vestleg tradisjon er ein spenningsfull konstruksjon. Spenningane arbeider seg ut, og kjem til syne. Det som ikkje kan vare, ikkje er berekraftig, blir åpenbart. Det same vil gjelde det som kan vare. Det tek tid, ofte kan det berre sjåast i ettertid. Jfr. Modernity on endless trial, Kolakowski. Språket byrjar igjen å få kontakt med røyndomen; å bli tungt og relevant og konsekvensrikt.

Som alltid trengst skjelning, "krinein", felle domar, visdom, "sofia", og det får ein i djupe tradisjonar og i skaparverket og der det finst grå hår og fellesskap som ber god frukt. Ein får det i mindre grad hjå unge menneske, i modernitetsinspirerte rørsler, i nyliberal kapitalisme. Vi setjast på ei krevjande og kompleks prøve, som folk og kyrkje. Det er lett å diskutere problemstillingar som baserast på premiss og aksiom som alle er samde om, som er "second nature". Meir krevjande blir det dersom ein blir ført til også å diskutere desse sistnemnde. Det er behov for å sjå seg sjølv utanfrå, å kunne internalisere to eller fleire motstridande tradisjonar/samfunn (jfr. heile poenget i Macintyres prosjekt; intern rasjonalitet er knapt mogleg å vurdere - tradisjonar må brynast mot kvarandre). 

3 kommentarer:

  1. 1, Det er svært variabelt når folk får grå hår, men forstår kvar du vil.
    2, Det er barn og unge som nå stevnar statar for retten, fordi framtidig livsgrunnlag er truga av menneskeskapte klimaendringar osb.
    3, Kan det vere at barn har ein type intuitiv/ibuande visdom, som bør lyttast til? (retorisk spørsmål).
    4, Kan me på eit tidspunkt for fleire generasjonar sidan ha kome inn på eit sidespor/feilspor i den andelege evolusjonen til denne kloden?
    5, Dersom kyrkja og menneskeslekta for øvrig vinn tilbake spiritualiteten er mykje gjort. Dette kan skje gjennom auka varheit på illusjonen om separasjon frå Gud (i både seg sjølve og i møtet med naturen).
    6, Om mange nok byrjar å ta på alvor det nærværet i naturen som ber om å bli sett. Og samtidig byrjar å låne øyre til det nærværet i ein sjølv som kviskrar om å bli Menneske. Så er kanskje kloden vår (inntil vidare) effektivt vaksinert mot vidare skeivutvikling🤔
    7. Då er det bare å sette igang👍

    SvarSlett
  2. Gløymte å nemne at det er mange nyttige verktøy for å legge til rette for slik andeleg evolusjon i den jødisk- kristne visdomstradisjonen.

    SvarSlett
  3. Ja, mange fornuftige og vise innspel her - takk.

    SvarSlett