mandag 26. juli 2021

Fridom, kreativitet og sjølvstyre høyrer til grunnkåra i skaparverket - inkludert grunnkåra for mennesket. Men fridomen har premiss som ligg til grunn, det ein kan kalle "natur". Natur - det som er fødd, det som er gjeve, det som kjem til oss, det som er før oss, det som ber oss og driv oss. All forståing av natur er historisk og kulturelt betinga, og som sådan open for diskusjon og revisjon. Naturen er alltid meir enn enn det nokon av oss kan forstå og gripe, må ein nok seie. Likevel - naturen er der, og kan berre manipulerast og tvingast opp til eit punkt. Naturen - bryt saman, finn nye vegar, slår attende, gjer seg gjeldande att. Eit klassisk poeng. Alternativet er å lære å kjenne naturen, respektere den og gå inn i straumen og prosessane, som den delen av naturen vi faktisk er. I det minste prøve, og arbeide for det. 

15 kommentarer:

  1. Det me er medvitne om, kan me gjere noko med. Det me ikkje er medvitne om, gjer noko med oss. Har ein eller annan klok person sagt. Det er alltid meir awareness- varheit- medvitenheit å byggje. Som igjen leier til auka valfridom. Ja, kanskje ikkje så dumt å leve meir i pakt med naturen vår. Eller med den uforanderlege gudommelege gneisten me alle ber i oss? Som medskapande skapningar, gjeve fridomen til å velje mellom godt og vondt. I ein ufatteleg rausheit og tillit frå Skaparen sjølv-

    SvarSlett
  2. Me må ikkje undervurdere potensialet vårt. Kanskje vert me idag nådd av ei bølgje som vart starta av menneske som levde for tusenvis av år sidan. Og om nokre tusen år, kan menneska som då lever få merke konsekvensane av våre val idag. Det er bare å sjå på korleis genene våre vert påverka av liva me lever (epigenetikk). Og korleis styrkene våre, såvel som traumene våre, vert arva ned gjennom generasjonene. Nå snart, i vannmannens tidsalder vert me kanskje kollektivt medvitne nok til å slutte å sage av den greina me sjølve sit på- før ho knekk🙏🏼🌞🌈

    SvarSlett
  3. Du får rydde litt opp i kopiane mine 👍 og sei gjerne om du også tenker at auka medvit har noko for seg. Ref at du skriv at naturen alltid er meir enn det nokon av oss kan forstå og gripe. Å lære naturen (både vår eigen og resten av skaparverket sin) å kjenne, må vel nødvendigvis omfatte auka medvit? Kanskje vil me også erfare eit skifte frå det mystiske, uforklarelege, intuitive medvitet som underordner seg autoritet blindt (i fiskane sin tidsalder) til meir direkte innsikt, intellekt og «medviten» forståing hos det einskilde individet (og forhåpentlegvis også auka empowerment og mindre autoritetstru hos kvar einskild).

    SvarSlett
  4. Hm, ja, store tema, mykje ein kunne fundere om desse tinga. Auka medvit - med alle sansar - trur eg må vere veldig godt, ja. Moderne tid i Noreg er prega av snevert, rasjonelt medvit. Men det er berre ein liten del av erkjenninga. Om dette leier til meir valfridom, kan vel diskuterast. Kanskje betre og meir "god" valfridom. Dette med "age of aquarius"... hm, ja. Ingen veit framtida. Men røyndomen som sådan vil vel alltid vere mysteriøs, så mystikken vil det alltid vere rom for, trur eg. Men blind underordning er ikkje av det gode, nei.

    SvarSlett
  5. Einig i at røyndommen er mysteriøs. Men dette (openbare?) har det lenge vore svært lite rom for. Iallefall hos oss i Vesten. Derav det snevre rasjonelle (kollektive?) medvitet vårt. Tenk om vitskap og mystikk igjen kunne gå hand i hand. Det ville opne for fantastiske nye valmoglegheitar, trur eg 😊

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg burde igrunnen ta skeia i eiga hand, med mine to tilsynelatande diametralt motsette utdanningar🤔

      Slett
    2. Dvs. ta utfordringa med å sameine naturvitskap og magi/mystikk.

      Slett
  6. Hm...litt usikker på om eg forstår kva du meiner. Men sameine naturvitskap og magi/mystikk...hm...ja, stort tema. Naturvitskap er (vil ein del meine), ein avart av magien. I alle fall var det lenge uklart om det fanst noko slags skilje mellom dei. Men i alle høve er ulike typar av visdom viktigare enn kunnskap.

    SvarSlett
  7. Ja, før gjekk visstnok det å studere Gud og å studere naturen ut på eitt. Splitting mellom ånd og materie (ekstrem dualisme) kom med Descartes og Luther. Det vitskaplege paradigmet vart den nye religionen, og spiritualiteten (okkulte straumar) måtte på nytt gå under jorda fram til førre hundreår- og resultatet ser me vel idag. Dvs kvar kunnskap utan visdom kan leie oss.

    SvarSlett
  8. Natur.
    Jeg har ikke fulgt denne meningsutvekslingen dere imellom overfor, så mine kommentarer har andre premiss til grunn.
    Natur: tar du det for gitt at alt i 'natur' er av det gode? Er jeg som menneske bare godt? Finnes det tilløp til ondskap? Finnes det destruktive krefter i meg som menneske? Er dette naturlig, dvs. noe som kommer innefra, fra mine tanker, følelser og holdninger, eller er det utfordringer utenfra som skaper ville, ondskapsfulle reaksjoner i meg?

    Jeg mener ikke å motsi utsagn om at det er mye vakkert i Guds skaperverk, og vi som mennesker har mye vakkert og beundringsverdig i vår natur - indre som ytre, men å fortie det onde i oss, er toppen av naivitet.

    SvarSlett
  9. Nei, he, nei. Men klassisk ortodoksi er...at skaparverket i seg sjølv er godt, og naturen er såleis noko godt. Men at skaparverket kan bli forvrengt, "skadd" eller kva ord ein skal bruke. Vondskap er "privatio boni", dvs. ein mangel eller ei øydeleggjing av det gode. "Natur" er såleis ikkje "det som er", men "det som er slik det skulle vere". Og dette finst i naturen som prinsipp, som leiestjerne eller kva ein kan seie. Det spring ut av fyrste trusartikkel, vil eg meine. (For øvrig den største debatten i den katolske kyrkja i det 20. århundre, dette her; forholdet mellom natur og nåde).

    Bakgrunnen for min kommentar her, er...hm, kort sagt: Moderne liberalisme baserast på ein tanke om at natur er noko ukjent eller ikkje-eksisterande. Verda er grunnleggjande sett berre "masse", "materie", "atom". Evt. er ein grunnleggjande skeptisk til at ein kan erkjenne kva det gode er. Dermed blir samfunn og fellesskap og politikk heller styrt av prinsipp om rettar, om individualisme, om abstrakt fridom. Økonomisk politikk (og synet på meining i livet) blir styrt av tanken om oppfylling av umiddelbare behov, som eit middel for å halde fred mellom menneske som uansett ikkje har nokon større og djupare meining å jage etter.

    SvarSlett
  10. Ja...eg bør seie. Situasjonen er som den er, og eg har naturlegvis mange tankar om den. Men det er visdomen som er det eg funderer mest på - kva som er dei gode og vise vegane oppi alt saman.

    SvarSlett
  11. Ja, når du snakker om natur og mening versus upersonlig materie, er jeg med på at natur verdsettes i seg selv. Naturen uttrykker Guds skaperkraft. Og se, det var godt. Jeg har for øvrig undret meg over hvordan materialister forholder seg til skjønnhet (et verdi-utsagn), godhet, og mer i den retningen - som i seg selv eksisterer i høyeste grad, men ikke kan sies å været 'masse' eller 'materie'. Eller hva med tanker? Eller negasjoner? ( Da tenker jeg på det alt vi kan snakke om det som ikke er, vi har et ord for Intet. Så si den du ikke snakker om natur i etisk forstand, hvor ikke alt er nødvendigvis av det gode, kan jeg følge med.

    SvarSlett
  12. Ja, eg skjønar. Dette er elles enorme felt som ein kan samtale om og diskutere "utan ende", så å seie. Ad spørsmålet om "metafysisk materialisme", så ender dette gjerne opp i absurde posisjonar (jfr. oppsummeringar hjå Alex Rosenberg, Jaegwon Kim etc.) Metafysisk materialisme er "bunk" i mi bok, men spørsmålet er vel heller kva metafysiske tradisjonar ein bør gå for :-s :-s I alle fall godt å oppleve verda som magisk stad, fylt av godleik og guddomeleg/mystisk nærvere.

    SvarSlett