torsdag 17. juni 2021

 Eg tala med ei gamal dame. Ho hadde eit bilete på veggen, i svart-kvitt. Eit trehus og åker rundt. Foreldre og ein del born. Ein flokk med geiter som vart mata. Den eine unge guten hadde ei fire meter høg stong. "Kva er det?" "Fiskestong!" "Var dette her du vaks opp?" "Ja, det er eit bilete frå barndomen min, der vaks eg opp". "Korleis hadde de det? Var det eit godt liv?" "Å ja, det var då eit godt liv! Ja, så menn. Og vi nauda ikkje. Vi hadde kyr og vi dyrka grønsaker, og vi fiska. Vi måtte kjøpe store sekkar med mjøl, og sukker". Ofte talar vi om dette, i eldre-lag. Var det betre før? Nokon seier: "Det var då mykje arbeid, mykje slit. Unge idealistar i dag veit ingenting om dette, kor mykje kunnskap og arbeid som må til. Dei trur det er enkelt, men det er det ikkje. Men folk hadde det bra." Nokre seier: "Det er ille no, at det berre er få born og lite kontakt med dyr. Ja, eg budde nærast i fjoset, eg, då eg var barn. Kyrne er ikkje dumme. Og dei likar godt kontakt med menneske". I alle høve har dei eldre mykje visdom og kunnskap. Visdom er å vite korleis verda fungerer, og å plassere seg deretter, med audmjuke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar