fredag 4. juni 2021

 Ek-stasis er gresk og tyder "ut av ro, ut av stillstand". Eg tenker ein del på dette når eg freistar å forstå Vassendgutane sin musikk, og sin appell. Dei er veldig flinke musikarar. Oftast likandes folk. Reale mannfolk som på mange vis er "på plass". Jakt, familie, bil, arbeid og fest. Det er bra ting. Det er mykje som stemmer. Det var dette med festen eg funderer på. Då går det mykje i alkohol - og kvifor gjer det det? Må ein vere rusa på alkohol for at festen skal fungere? 

Kanskje 50-70% av songane handlar om det. Ned på Kiwi og handle sixpack. Polakkar som arbeider og drikk brennevin. Til sengs med ei eldre dame og drikke pils. På barbesøk i byen, heile tida. Ein øl på fest vart plutseleg til ti. Bryggje sitt eige øl heime. På hytta mi kan eg reise og drikke. (Alt dette er tema ulike songar, på ein og same konsert). 

Alkohol gjer at ein kan sleppe hemningar, slappe av, ha meir kroppskontakt, meir dans, meir kontakt med kjensler, meir fest-stemning. Dei kallar seg "gutar". Det peikar mot det barnlege, mot leik, mot å vere "laus" i kroppen, fri til sinns. Det er meininga med fest. Fest er ein viktig del av meininga med livet.

Det er også ein haug med negative verknader med alkohol. Nokre svært negative. Men rus er ein del av den vi er, som menneske, og også som dyr og planter. Det er ein funksjon i vårt indre. Sjølv toler eg ikkje noko særleg meir alkohol i livet, eg rusa meg feil i årevis som barn. No rusar eg meg m. a. på venskap, skog og natur, musikk, praktisk arbeid. Få biverknader ved det, om nokon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar