lørdag 19. juni 2021

-Eg lærer musikk og piano. Kva eg veit no, som eg ikkje visste før: Eg kan øve og bli betre. Det tek tid, eg ser ikkje resultata med eitt. Men over tid gjer eg det. Eg veit eg kan bli betre. (Det er menneskeleg).

-Nokre spel har ein vinnar og masse taparar. Monopol er slik. (Eit fælt spel). Bygdelivet er også "eit stort spel". Men i eit slikt spel går det an å leggje opp til at mange kan bli vinnarar. Finne si nisje - med kyrkje, familie, arbeid, utøving av evner. Når ein sjølv vinn, kan det medføre at også andre vinn. Det er nok det beste spelet. 

- Sumar: Tid for noko anna. Utforske slekt og kultur i lokalmiljøet. Gå tur i fjellet og padle kano. Vere med familie og vener. Øve musikk. Leggje planar. Gjere vedlikehald og rydding ein ikkje får tid til elles. Lese Tolkien. 

- Kultur - kvar går den? Vestlege og austlege verda - kvar går dei? Marknad, energitilførsel - kor går dei? Befolkningstal - kvar går det? Store spørsmål. Ikkje noko eg kan kontrollere. Eg kan påverke mi teneste, mitt liv, vere i samspel med mine nære omgjevnader. 

- Det var ein tanke i opplysningstida - i norsk samanheng manifestert ved visse livssynsorganisasjonar - at liv og samfunn og kultur kunne byggjast på "fornuft og menneskerettar åleine". Det er ein tanke med visse merittar, så å seie. Men, tradisjon er essensielt og ufråvikeleg. Men det er nok også eit breitt og nært engasjement med røyndomen - og visdomen som oppstår av dette. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar