lørdag 12. juni 2021

Kultur er, på nokre vis, som ein far - autoritet, tryggleik, visdom, godleik, grensesetjing. Heng nært saman med det guddomelege. (Slik også natur/mor gjer det - "visdom" er også ein feminin kategori). Kva som er "sosialt konstruert", kva som er "naturleg", kva som er "openberra", er ofte vanskeleg å seie. Kategorien i jødisk og kristen tradisjon er ofte primært "visdom" (+ mange andre analogiar, metaforar, bilete for det guddomelege). Blir vi alltid born under den vise far? Ein ung vaksen vil seie "nei", og naturlegvis er dette livets gang. I eit større perspektiv vil farsfigurar alltid trengast, både i biologisk og kulturell forstand. Ingen veks opp til å bli "sjølvstendig, frittståande individ". Ja - mogen, vis, myndig, fri etc. Ein læresvein kan bli som ein meister. Men sjølvstendig og frittståande og uavhengig - nei, berre delvis. D. e. at kulturen som heilskap alltid vil trenge å representere andeleg visdom. 

 

mandag 7. juni 2021

 Eg kunne tenke at...på mange vis er røyndomsforståinga i Harry P, LOTR og Zelda meir sakssvarande enn moderne vestleg vitskap. Det er sett på spissen. I nokre henseende slik, andre slik. Likevel. Verda er full av magi, naturen er full av mystikk. Moderne naturvitskap er framfor alt funksjonalistisk - den gjer mogleg slikt som vestleggjering, industri, transport, elektronikk, energiutvinning. 

"Ei anna verd er mogleg". Men kva verd?

søndag 6. juni 2021

 "Jeg vil leke og danse og synge og smile"

Song vi i går. Ja. Eit seminarprogram kan vere multimodalt, og involvere dei som er til stades, så eit større "vi" blir skapt. Ikkje berre med ord, men med felles deltaking. Nokre må leie. Men alle må få vere med. 

Klapping er slik. Perkussiv deltaking. Allsong er slik. Røyster som blandast til eitt, eller til ein harmoni. Kroppsrørsler. Kyrkje og liturgi har mykje slikt i sine tradisjonar. Reise seg opp, setje seg, gå fram og tenne ljos, gå og ete brød og vin, svar og gjensvar, felles prosesjonar. 

Eg funderer på det. Ein har det i djupare bygdetradisjonar også. Ulike typar av gamaldans, som på ulikt vis har djupare røter. Eller dersom ein spelar livat musikk, og det er dans eller berre rørsler til musikken. Skodespel og dramastykke o. a. 

lørdag 5. juni 2021

 Han kalla han: Link. 



 


God stemning med Bandak band, det er målet. Og så lærer vi litt og litt for kvar konsert.

Mange interessante innspel på Rui-dagen. Aller mest interessant å høyre på A Vinje fortelje om "livet i gamle dagar" på gardar i Vinje. 

fredag 4. juni 2021

 Ek-stasis er gresk og tyder "ut av ro, ut av stillstand". Eg tenker ein del på dette når eg freistar å forstå Vassendgutane sin musikk, og sin appell. Dei er veldig flinke musikarar. Oftast likandes folk. Reale mannfolk som på mange vis er "på plass". Jakt, familie, bil, arbeid og fest. Det er bra ting. Det er mykje som stemmer. Det var dette med festen eg funderer på. Då går det mykje i alkohol - og kvifor gjer det det? Må ein vere rusa på alkohol for at festen skal fungere? 

Kanskje 50-70% av songane handlar om det. Ned på Kiwi og handle sixpack. Polakkar som arbeider og drikk brennevin. Til sengs med ei eldre dame og drikke pils. På barbesøk i byen, heile tida. Ein øl på fest vart plutseleg til ti. Bryggje sitt eige øl heime. På hytta mi kan eg reise og drikke. (Alt dette er tema ulike songar, på ein og same konsert). 

Alkohol gjer at ein kan sleppe hemningar, slappe av, ha meir kroppskontakt, meir dans, meir kontakt med kjensler, meir fest-stemning. Dei kallar seg "gutar". Det peikar mot det barnlege, mot leik, mot å vere "laus" i kroppen, fri til sinns. Det er meininga med fest. Fest er ein viktig del av meininga med livet.

Det er også ein haug med negative verknader med alkohol. Nokre svært negative. Men rus er ein del av den vi er, som menneske, og også som dyr og planter. Det er ein funksjon i vårt indre. Sjølv toler eg ikkje noko særleg meir alkohol i livet, eg rusa meg feil i årevis som barn. No rusar eg meg m. a. på venskap, skog og natur, musikk, praktisk arbeid. Få biverknader ved det, om nokon.