lørdag 22. mai 2021

Bultmann hadde rett i at mykje av det som vart teke som "bokstaveleg skildring av ein ytre røyndom, eller av ytre hendingar i historia" i praksis kunne vere poesi, innlevande visjonar, mytologi o. a. Hans to problem, trur eg, var a) at han heldt seg med ein eksistensiell filosofi som raskt ville vise seg å vere veldig kulturelt bunden og rimeleg snever (d. e. Heidegger, May, Tillich etc.)  Og b) at han heldt seg med ein røyndomsmessig og metafysisk "grunn under føtene" som snart skulle vise seg å vere illusorisk, berre "mytologisk". (Mekanistisk materialisme er bunk som metafysisk røyndomsbilete, sjølv om det er ein modell som pragmatisk sett har mykje for seg). Impulsen var dog naudsynt. Teologi er ikkje berre historisk eksegese, det er i beste fall eit fyrste steg. Bultmanns manglande suksess peikar då meir i retning av at teologisk tolking bør skje innanfor rammer. Av kultur, tradisjon, filosofi, liturgi o. a. Ein kunne seie med Pannenberg at ein må ta omsyn til "heile horisonten". Vel og bra, så langt det rekk, men dette er for protestantisk i tanken. For intellektuelt, for umogleg, for idealistisk. For lite fargar, lukter, skikkar, lydar, menneske, dyr, planter, liturgi, leik etc. (1. trusartikkel i praksis, kunne ein seie). I praksis er dette å vende attende til ein meir "kat-holos" visjon for teologien, men det må likevel skje på ein god del moderne premiss, klokka kan ikkje heilt skruast attende heller. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar