mandag 10. mai 2021

Å bli god musiker? Seie "ja" til alle konsertforespørslar, uansett kvar dei er. Då går det av seg sjølv. (Så å seie).

torsdag 6. mai 2021

 Det er best å bu nær menneske ein skal vere engasjert med i livet. Gangavstand

Tips for å øve piano: Spel så sakte at ein ikkje spelar feil. Då kan det hende ein må spele ekstremt sakte. Ein lærer ekstremt mykje. Det er noko å lære her.

tirsdag 4. mai 2021

"Gamaldans". Har vore heilt ute av min musikalske horisont. Ein god artikkel om temaet her. Benny Andersson fører meg inn i tradisjonane. Mykje varmt og positivt i den musikken - og dette manglar i både pop og rock. 

søndag 2. mai 2021

"På nettet kan du finne alt". Stemmer dog ikkje. Ein kan finne noko stoff, på nokon premiss. I store dosar. Ting som er lett tilgjengelege; har eit liberalt og globalt uttrykk; er innstilt på å tene pengar; kan uttrykkast i ord og bilete. Mange ting som verkeleg er verdt noko, som verkeleg er viktige - kan ein ofte ikkje finne på nettet. Men ofte freistar nettinnhaldet å overtyde om at også dese tinga *er* å finne på nettet.