lørdag 10. april 2021

Kultur-diskusjon om born, kjønn, fars- og morsroller har det vore stadig i dei siste tiåra. Då eg var student, hadde vi den kristenkonservative sida som la fram ein del argument for det ein kalla "tradisjonell" forståing. (Så var det den liberale (+ andre ideologiske straumar) på andre sida). Noko tankevekkande, igjen, er å bli klar over ting som ikkje vart sagt, på nokon side av bordet, så å seie. Båe sidene dela, umedvite, premiss - og hadde mange blindfelt. 

Til dømes: Born treng ein far og ei mor, dette er menneskenatur, kunne bli sagt. Men til denne "sida", kunne ein også spørje: Er det også natur at born treng ein storfamilie? Kontakt med jord? Handverk? Kontakt med dyr? Lokalsamfunn? Tradisjonskultur? Rituale og visjon og levevegar, utmynta i fellesskap (kyrkje)? Etc. Eller skal desse tinga overlatast fullt og heilt til "det liberale rommet" (i praksis forma mykje av stat og marknad)? 

På éin måte kunne andre "bord-deltakarar" vore med og fremja visjonar som skilde seg frå båe sider i "dikotomien" i kulturdiskusjonen den gongen. Sagt annleis, ein kunne peike på at det som i Noreg i vår tid vart kalla "kristenkonservativ" ikkje er ein tidlaus og opplagt kategori, men ein historisk betinga sådan, på veldig komplekst vis. Ein del byrja etter kvart å skjøne dette, og tok i bruk kategorien "klassisk", i staden. Dette fører oss likevel ikkje mykje nærare ei god forståing. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar