torsdag 29. april 2021

 


Det var eit naturskjønt bilete på Rui. 5. juni er det seminar der, om "vegen vidare" i møte med krise i natur og klima. Ja, kvar går vegen vidare...?  Både paven og biskopane har hatt gode uttalingar, så eg stør meg på dei. Og held meg unna konkrete politiske retningar eller parti. 

Personleg trur eg at vår livsstil/identitet er altfor bunden opp med den industrielle, teknologiske, ideologiske, økonomiske situasjonen. Til at det vil bli endringar som kan monne. Men dette er bra med å sjå på Rui-systrene; dei levde "berekraftig", før dei hadde tilgangen kunnskap, teknologi etc. som i det heile kunne ha påverka kloden. Så om ein inspirerast av dei, har ein i det minste nokonlunde rett kompasskurs. Paven seier det: Alt heng saman. Det å leve sunt, individuelt, eller som samfunn, er eigentleg ikkje noko anna enn det å leve sunt, "globalt". 


 Eg overnatta ute. På ein noko aude stad, full av variert vegetasjon og dyreliv. Rundt 22, kanskje blir det ro i skogen. Eller?? Nei, då byrjar også uglene. Og dei ropar høgt! Eg er nok oftast på avstand frå fuglane. No hadde eg eit grønt telt, midt uti der. Fuglane var nær. Dei syng verkeleg høgt. Spennande. Men ikkje så lett å sove godt - kanskje det er ei vanesak. Men for å sove ute, treng ein kroppsleg vern, i form av dun, pels, luft. I andre tider er det også mykje rovdyr i skogen. Så treng ein vern frå dei. Kanskje er det også best med noko vern frå lydar. Nokre dyr har pels, og søv under eit tre. Andre byggjer seg hi, tuer, eller finn ly inni trestammer, jordhaugar o. a. Det ligg nok i vår natur å bu i hi, hus eller hytte. Det er kultur - men også natur. 

mandag 26. april 2021

 


Stas på jegerkurs. 



søndag 25. april 2021

Galpern: "Instrumentet er ein illusjon. Det er du som er instrumentet." Dette er eitt perspektiv. Ein kan problematisere: Instrument gjev ein "timbre", avgrensar moglegheiter (og opnar dermed for andre) etc. Kanskje ein heller må seie at musiker og instrument sameinast på eitt eller anna vis. Eller: Instrumentet blir ein forlenga del av ein sjølv. Poenget til Galpern er uansett: Musikk som ein ikkje kan "høyre" i sitt indre, kan ein ikkje spele. Men musikk (i brei forstand) som ein kan høyre i sitt indre, kan ein også "få ut" på eitt eller anna vis. Når eg lærer Bach på piano, må eg forstå, øve øyra. Då spelar eg gitar også annleis. Musikken bryt grenser mellom instrument, kan ein seie. 

lørdag 24. april 2021

 "Heilag". "Heil". "Helse". Same ord-familie. "Eg helsar deg" - "eg ynskjer deg heilskap og godleik". Det er målet med gudstenesta også - "de skal vere heilage, slik som eg er heilag". 

torsdag 22. april 2021

 Galpern og Mathieu er samstemte: Musikk lærast ved imitasjon. Ikkje "rote", men ved å leve seg inn i det, forstå, fundere på, føle på. Ein går medvite inn for å likne på ein annan person, men også på ein annan kultur. Slik kan ein finne si eiga røyst. Ikkje ei anna røyst enn kulturen, men ei som spring ut av kulturen og set sitt personlege preg. Utan eit sunt kulturelt jordsmonn er det neppe mogleg å ha eit sunt sjølv. 

onsdag 21. april 2021

 "Familie". Frå "Famulus" - tenar, slave. Altså eit kollektiv, bunde til jord, bunde av blod, men også av andre band, som saman tener til eit større føremål, under ein "fader". Utfordringa i ein oljeøkonomi er å finne kva av dette som er naturleg, samt å (om ein då vil fylgje naturen) faktisk leve den ut - i forhandling med stat og marknad som tenderer til å delegere oppgåver og band til "seg", hjulpe av energi og teknologi. 

tirsdag 20. april 2021

 Ordet kultur er interessant. Det har å gjere med vekst, jordbruk, vern, foredling. "Kult" og "kultur" er vel overførte tydingar. Det handlar om å la noko vekse, i brei forstand - heilskapleg. Difor er liturgi "kult"/"kultur". Paulus bruka nett det same biletet, "de er Guds åkerland". Biletet brukast mange gonger i jødisk-kristen tradisjon. Dette er veldig relevant mtp. livet på bygda. Born som blir til, er "spirer", som er "av jorda", og "dyrkast" (m. a. i "barnehage"). Bygdekulturen er som ein åker, ein skog - for mennesket er også eit biologisk vesen "av jorda". Slik jordleg kultur (anten natur eller språk, musikk, tru, arbeid etc.) kan då vere fruktbart, ha god helse, vere naturleg, vere sterk etc. Men kultur kan også utsetjast for det motsette, så å seie. Press, så å seie. 

søndag 18. april 2021

Ein biolog skreiv ei bok om alt som gjekk føre seg på 1x1m jord i ein skog. Går det an? 1 bok? 10 bøker? Kor mange? Uendeleg mange, vil eg tru. Røyndomen kan i nokon grad bli teke imot, forstått, bearbeida. Men er også bortanfor vår erkjenning, og uendeleg djup. Det kan vere verdt å reise verda rundt for å sjå nye ting, eller bli kjent med nye menneske. Det kan vere bra med noko kulturutveksling. Men best er det å halde seg til "de nære ting". Det er ein uendeleg ressurs, får ein seie (i alle fall så lenge vi menneske lever harmonisk med tinga, respekterer deira natur).

lørdag 17. april 2021

 VTB har artikkel om korleis det gjekk med skuleklasse frå Vinje, kvar dei flytta etc. Same med NRK no. Veldig bra, og veldig interessant. Ting har byrja å bli eksistensielle (bygd, befolkning), og ein må søke å forstå, dersom ein vil overleve. Eg prøvar også det, å forstå. 

Eit par poeng er: Kva som er visdom, kan ein ofte berre sjå i lengre perspektiv, generasjonsperspektiv. Ein kan reise til byen og ha det gøy, og så 20 år seinare skjøne at det skulle ein ikkje ha gjort. Eller: Blitt prega av miljø, kulturar, tankeretningar etc. og så 20 år seinare... etc. Dette kunne ein berre ha visst på førehand ved å hente visdom. Men då har livet gått vidare. Difor bør ein vere varsam med å lytte til for unge menneske som uttalar seg om kva som er lurt etc. for bygdevekst. Sameleis med menneske som allereie er situerte i ikkje-vise miljø. Og kva dette er, er ikkje alltid så lett å seie.  

Eit anna poeng: Dei fellesskap, miljø, kulturar som blomstrar og "rir stormen av", kan vere heilt annleis enn det "vi" ynskjer. (Spørsmålet om kven "vi" er, blir no også aktualisert). Ikkje-liberale, fundamentalistiske, anti-vitskaplege, kvinneundertrykkande etc. Eit interessant og viktig poeng framlagt av til dømes D Orlov. Eit slikt miljø kan skape ein haug med born, dyrke eigen mat etc., og overleve, medan urbane, liberale elitar døyr ut. 

Eit epistemologisk brot - korleis kan miljø som ikkje er overeins med røyndomen, likevel vere meir i harmoni med røyndomen? Eg meiner: Epistemologien må brytast opp; den snevre, vitskapleg stringente epistemologien (godt til sitt bruk, kanskje) brytast opp av den ville og uregjerlege røyndomen, og ingen veit heilt kva heilskapsbiletet då blir. Klassisk Kuhn og Popper og Lakatos (skjønt, Popper er ein smule for epistemologisk pessimistisk). 

tirsdag 13. april 2021

 Metafor. Det brukar vi heile tida. Vi kan ikkje unngå det. For mykje av røyndomen er mystisk for oss, og bortanfor vår erkjenning. Eller vi erkjenner det, og kan ikkje fange det i ord. Berre ved å peike mot eit fenomen, "overføre det" til eit anna fenomen. Noko skiljer dei, noko sameiner. Og innsikt vert uttrykt, opna for. Og ein metafor kan ein fundere på, reflektere om, trekke vidare. Men ein metafor blir jo aldri meir enn "dels" dekkande. Og ein metafor avslører også djubda i kulturen vår, i det vi er opptekne av, det vi "ser" etc. 

Så ein metafor kan vere at vi menneske kan ha "røter". Vere "rotfesta". Dersom dette er ein meiningsfull og dekkande metafor, så kan vi sjå på tre og planter, og kva det vil seie for dei å ha røter og vere rotfesta. Og tenke at noko slikt kan det vere for oss også. 


mandag 12. april 2021

 Nytt fag i vgs? Det var eit forslag, men som Nyhus og Skagen peikar godt på i hhv. VL og Dag og Tid, så er det historie som gjer oss til den vi er, og fag som rlg, samf. fag og historie formar også vår samfunnsidentitet. "Dei døde vil kome oss til hjelp", seiast det i eit russisk ordtak. Eg funderer mykje på det ordtaket. I det heile er vår avhengigheit av "den historiske straumen" (naturlegvis) underkommunisert i liberal ideologi (desse tinga går også attende til opplysningstida sine debattar, d. e. i kva grad historie, myte, dogmer, tru etc. er viktige (Goethe, tysk romantikk etc.), vs. "rein fornuft" (Voltaire, Kant etc.) eller "rein natur" (Rosseau) eller også "rein vilje" (Nietszche). Også underkommunisert (også dette: naturlegvis) er korleis desse debattane foregår innanfor ramma av post-middelalder-kristne strukturar. (Høgmiddelalderen var også rimeleg mangfaldig, for øvrig). Ein kan seie at historisk kjennskap, tradisjon mm. er viktig, og det ville eg vere samd om. Samstundes spørst det om slikt kan haldast i hevd utan også handgripelege "forhold" (sosialt, religiøst, biologisk etc.) "Bunden med sterke røter til menneske og til ting". (Og også mangt anna!)

lørdag 10. april 2021

Kultur-diskusjon om born, kjønn, fars- og morsroller har det vore stadig i dei siste tiåra. Då eg var student, hadde vi den kristenkonservative sida som la fram ein del argument for det ein kalla "tradisjonell" forståing. (Så var det den liberale (+ andre ideologiske straumar) på andre sida). Noko tankevekkande, igjen, er å bli klar over ting som ikkje vart sagt, på nokon side av bordet, så å seie. Båe sidene dela, umedvite, premiss - og hadde mange blindfelt. 

Til dømes: Born treng ein far og ei mor, dette er menneskenatur, kunne bli sagt. Men til denne "sida", kunne ein også spørje: Er det også natur at born treng ein storfamilie? Kontakt med jord? Handverk? Kontakt med dyr? Lokalsamfunn? Tradisjonskultur? Rituale og visjon og levevegar, utmynta i fellesskap (kyrkje)? Etc. Eller skal desse tinga overlatast fullt og heilt til "det liberale rommet" (i praksis forma mykje av stat og marknad)? 

På éin måte kunne andre "bord-deltakarar" vore med og fremja visjonar som skilde seg frå båe sider i "dikotomien" i kulturdiskusjonen den gongen. Sagt annleis, ein kunne peike på at det som i Noreg i vår tid vart kalla "kristenkonservativ" ikkje er ein tidlaus og opplagt kategori, men ein historisk betinga sådan, på veldig komplekst vis. Ein del byrja etter kvart å skjøne dette, og tok i bruk kategorien "klassisk", i staden. Dette fører oss likevel ikkje mykje nærare ei god forståing. 

fredag 9. april 2021

Politisk kvarter. Spennande å fylgje. Ofte også pga. det som ikkje blir sagt. I går: CO2-avgift som middel for å stanse klimakrisa. Eg kom til å tenke på kva ein russisk sosiolog sa: Komplekse system som byggjer seg opp, er i regelen irreversible. Så også her: Grepa som må til for å ha meir skaparverks-venleg livsform, går like til sjel og hjarta og kropp, både av samfunn, økosystem, menneskeliv. Litt som då dei fyrste kristne sa "vend om" inn i romarriket. Det tok nokre hundre år før det monna, så å seie. 

I dag: Barnefødslar. Sp vil ha økonomiske incentiv. Noko har endra seg: Før vart dette sett som "anathema" pga. overtydingar knytt til arbeidsliv, likestilling etc. Men fødselsraten er no allment kjent, og anerkjent. M Fasting og A Eskild, fagpersonar, har poengtert at økonomiske incentiv ikkje vil monne, slik også programleiaren understreka. Det dreier seg heller om grunnleggjande livsmeining - om vår natur som menneske. Eg kom til å tenke på Chryssavgis, den ortodokse rådgjevaren til patriarken: Slik vi behandlar og forholder oss til skaparverket, slik behandlar og forholder vi oss til menneske. 

Vegar vidare, kvar går dei? Politikarane er på mange vis rådlause, fordi dei driv med politikk, og ikkje har djupe historiske røter eller tid til å kjenne dei "globale" perspektiva. I politisk kvarter vart det sagt at barnefødslar mest har å gjere med "kva menneske fritt veljer". Den tunge og omfattande ideologien - som politikarane sjølve fremjar dag for dag - er skjult for auga deira. Mykje ved denne ideologien er godt, men mykje er altså også dysfunksjonelt, på mange vis. 

Vegane vidare er uansett ikkje opplagte. Skjønt - meir enn dette må vi kunne seie. Og det funderer eg på - kva skal ein seie? Eg hentar inspirasjon frå patriarken og paven og det norske bispemøtet - og andre - så får vi sjå. 

onsdag 7. april 2021

Nokre val er små, andre er store. Dei store vala får konsekvenser for fleire generasjonar nedover. Det er éi innsikt av å lese eiga slektshistorie. Skjønt. Mange små val kan også vere store, på sikt.
"Rytme". Rheu, streu. Rhein, straum. Det handlar om flyt. Om flyten i skaparverket - for skaparverket er fullt av rytmar, også kroppen vår. Afrikanske rytmar spring ut av rytmane i landsbylivet. Sym-foni, samlyd av rytmar. Nokre er tunge, stadige. Basstromma, vekslinga av sesongar. Andre er leikande, improviserande, eksperimenterande. Slik er livet. Det kan også vere dis-harmo-ni. "Ikkje knytt saman i ledd". Då blir det ikkje flyt - ting går ikkje framover. Musikk representerer livet, og er livet. Dette er elles meininga i Bachs musikk, meiner eg.

mandag 5. april 2021

Enkelt, komplekst. Relativt. I moderne samfunn er det arbeidsdeling. Samfunnet blir stadig meir komplekst og overveldande. Arbeidsoppgåvene og livsstilen kan i prinsippet bli enklare og enklare. "Det enkle livet på landet i gamle dagar". Motsett paradoks. Enklare samfunn. Men arbeidsoppgåvene var langt meir mangfaldige, og livsstilen og livsforståinga meir "multimodal".