søndag 18. april 2021

Ein biolog skreiv ei bok om alt som gjekk føre seg på 1x1m jord i ein skog. Går det an? 1 bok? 10 bøker? Kor mange? Uendeleg mange, vil eg tru. Røyndomen kan i nokon grad bli teke imot, forstått, bearbeida. Men er også bortanfor vår erkjenning, og uendeleg djup. Det kan vere verdt å reise verda rundt for å sjå nye ting, eller bli kjent med nye menneske. Det kan vere bra med noko kulturutveksling. Men best er det å halde seg til "de nære ting". Det er ein uendeleg ressurs, får ein seie (i alle fall så lenge vi menneske lever harmonisk med tinga, respekterer deira natur).

lørdag 17. april 2021

 VTB har artikkel om korleis det gjekk med skuleklasse frå Vinje, kvar dei flytta etc. Same med NRK no. Veldig bra, og veldig interessant. Ting har byrja å bli eksistensielle (bygd, befolkning), og ein må søke å forstå, dersom ein vil overleve. Eg prøvar også det, å forstå. 

Eit par poeng er: Kva som er visdom, kan ein ofte berre sjå i lengre perspektiv, generasjonsperspektiv. Ein kan reise til byen og ha det gøy, og så 20 år seinare skjøne at det skulle ein ikkje ha gjort. Eller: Blitt prega av miljø, kulturar, tankeretningar etc. og så 20 år seinare... etc. Dette kunne ein berre ha visst på førehand ved å hente visdom. Men då har livet gått vidare. Difor bør ein vere varsam med å lytte til for unge menneske som uttalar seg om kva som er lurt etc. for bygdevekst. Sameleis med menneske som allereie er situerte i ikkje-vise miljø. Og kva dette er, er ikkje alltid så lett å seie.  

Eit anna poeng: Dei fellesskap, miljø, kulturar som blomstrar og "rir stormen av", kan vere heilt annleis enn det "vi" ynskjer. (Spørsmålet om kven "vi" er, blir no også aktualisert). Ikkje-liberale, fundamentalistiske, anti-vitskaplege, kvinneundertrykkande etc. Eit interessant og viktig poeng framlagt av til dømes D Orlov. Eit slikt miljø kan skape ein haug med born, dyrke eigen mat etc., og overleve, medan urbane, liberale elitar døyr ut. 

Eit epistemologisk brot - korleis kan miljø som ikkje er overeins med røyndomen, likevel vere meir i harmoni med røyndomen? Eg meiner: Epistemologien må brytast opp; den snevre, vitskapleg stringente epistemologien (godt til sitt bruk, kanskje) brytast opp av den ville og uregjerlege røyndomen, og ingen veit heilt kva heilskapsbiletet då blir. Klassisk Kuhn og Popper og Lakatos (skjønt, Popper er ein smule for epistemologisk pessimistisk). 

tirsdag 13. april 2021

 Metafor. Det brukar vi heile tida. Vi kan ikkje unngå det. For mykje av røyndomen er mystisk for oss, og bortanfor vår erkjenning. Eller vi erkjenner det, og kan ikkje fange det i ord. Berre ved å peike mot eit fenomen, "overføre det" til eit anna fenomen. Noko skiljer dei, noko sameiner. Og innsikt vert uttrykt, opna for. Og ein metafor kan ein fundere på, reflektere om, trekke vidare. Men ein metafor blir jo aldri meir enn "dels" dekkande. Og ein metafor avslører også djubda i kulturen vår, i det vi er opptekne av, det vi "ser" etc. 

Så ein metafor kan vere at vi menneske kan ha "røter". Vere "rotfesta". Dersom dette er ein meiningsfull og dekkande metafor, så kan vi sjå på tre og planter, og kva det vil seie for dei å ha røter og vere rotfesta. Og tenke at noko slikt kan det vere for oss også. 


mandag 12. april 2021

 Nytt fag i vgs? Det var eit forslag, men som Nyhus og Skagen peikar godt på i hhv. VL og Dag og Tid, så er det historie som gjer oss til den vi er, og fag som rlg, samf. fag og historie formar også vår samfunnsidentitet. "Dei døde vil kome oss til hjelp", seiast det i eit russisk ordtak. Eg funderer mykje på det ordtaket. I det heile er vår avhengigheit av "den historiske straumen" (naturlegvis) underkommunisert i liberal ideologi (desse tinga går også attende til opplysningstida sine debattar, d. e. i kva grad historie, myte, dogmer, tru etc. er viktige (Goethe, tysk romantikk etc.), vs. "rein fornuft" (Voltaire, Kant etc.) eller "rein natur" (Rosseau) eller også "rein vilje" (Nietszche). Også underkommunisert (også dette: naturlegvis) er korleis desse debattane foregår innanfor ramma av post-middelalder-kristne strukturar. (Høgmiddelalderen var også rimeleg mangfaldig, for øvrig). Ein kan seie at historisk kjennskap, tradisjon mm. er viktig, og det ville eg vere samd om. Samstundes spørst det om slikt kan haldast i hevd utan også handgripelege "forhold" (sosialt, religiøst, biologisk etc.) "Bunden med sterke røter til menneske og til ting". (Og også mangt anna!)

lørdag 10. april 2021

Kultur-diskusjon om born, kjønn, fars- og morsroller har det vore stadig i dei siste tiåra. Då eg var student, hadde vi den kristenkonservative sida som la fram ein del argument for det ein kalla "tradisjonell" forståing. (Så var det den liberale (+ andre ideologiske straumar) på andre sida). Noko tankevekkande, igjen, er å bli klar over ting som ikkje vart sagt, på nokon side av bordet, så å seie. Båe sidene dela, umedvite, premiss - og hadde mange blindfelt. 

Til dømes: Born treng ein far og ei mor, dette er menneskenatur, kunne bli sagt. Men til denne "sida", kunne ein også spørje: Er det også natur at born treng ein storfamilie? Kontakt med jord? Handverk? Kontakt med dyr? Lokalsamfunn? Tradisjonskultur? Rituale og visjon og levevegar, utmynta i fellesskap (kyrkje)? Etc. Eller skal desse tinga overlatast fullt og heilt til "det liberale rommet" (i praksis forma mykje av stat og marknad)? 

På éin måte kunne andre "bord-deltakarar" vore med og fremja visjonar som skilde seg frå båe sider i "dikotomien" i kulturdiskusjonen den gongen. Sagt annleis, ein kunne peike på at det som i Noreg i vår tid vart kalla "kristenkonservativ" ikkje er ein tidlaus og opplagt kategori, men ein historisk betinga sådan, på veldig komplekst vis. Ein del byrja etter kvart å skjøne dette, og tok i bruk kategorien "klassisk", i staden. Dette fører oss likevel ikkje mykje nærare ei god forståing. 

fredag 9. april 2021

Politisk kvarter. Spennande å fylgje. Ofte også pga. det som ikkje blir sagt. I går: CO2-avgift som middel for å stanse klimakrisa. Eg kom til å tenke på kva ein russisk sosiolog sa: Komplekse system som byggjer seg opp, er i regelen irreversible. Så også her: Grepa som må til for å ha meir skaparverks-venleg livsform, går like til sjel og hjarta og kropp, både av samfunn, økosystem, menneskeliv. Litt som då dei fyrste kristne sa "vend om" inn i romarriket. Det tok nokre hundre år før det monna, så å seie. 

I dag: Barnefødslar. Sp vil ha økonomiske incentiv. Noko har endra seg: Før vart dette sett som "anathema" pga. overtydingar knytt til arbeidsliv, likestilling etc. Men fødselsraten er no allment kjent, og anerkjent. M Fasting og A Eskild, fagpersonar, har poengtert at økonomiske incentiv ikkje vil monne, slik også programleiaren understreka. Det dreier seg heller om grunnleggjande livsmeining - om vår natur som menneske. Eg kom til å tenke på Chryssavgis, den ortodokse rådgjevaren til patriarken: Slik vi behandlar og forholder oss til skaparverket, slik behandlar og forholder vi oss til menneske. 

Vegar vidare, kvar går dei? Politikarane er på mange vis rådlause, fordi dei driv med politikk, og ikkje har djupe historiske røter eller tid til å kjenne dei "globale" perspektiva. I politisk kvarter vart det sagt at barnefødslar mest har å gjere med "kva menneske fritt veljer". Den tunge og omfattande ideologien - som politikarane sjølve fremjar dag for dag - er skjult for auga deira. Mykje ved denne ideologien er godt, men mykje er altså også dysfunksjonelt, på mange vis. 

Vegane vidare er uansett ikkje opplagte. Skjønt - meir enn dette må vi kunne seie. Og det funderer eg på - kva skal ein seie? Eg hentar inspirasjon frå patriarken og paven og det norske bispemøtet - og andre - så får vi sjå. 

onsdag 7. april 2021

Nokre val er små, andre er store. Dei store vala får konsekvenser for fleire generasjonar nedover. Det er éi innsikt av å lese eiga slektshistorie. Skjønt. Mange små val kan også vere store, på sikt.
"Rytme". Rheu, streu. Rhein, straum. Det handlar om flyt. Om flyten i skaparverket - for skaparverket er fullt av rytmar, også kroppen vår. Afrikanske rytmar spring ut av rytmane i landsbylivet. Sym-foni, samlyd av rytmar. Nokre er tunge, stadige. Basstromma, vekslinga av sesongar. Andre er leikande, improviserande, eksperimenterande. Slik er livet. Det kan også vere dis-harmo-ni. "Ikkje knytt saman i ledd". Då blir det ikkje flyt - ting går ikkje framover. Musikk representerer livet, og er livet. Dette er elles meininga i Bachs musikk, meiner eg.

mandag 5. april 2021

Enkelt, komplekst. Relativt. I moderne samfunn er det arbeidsdeling. Samfunnet blir stadig meir komplekst og overveldande. Arbeidsoppgåvene og livsstilen kan i prinsippet bli enklare og enklare. "Det enkle livet på landet i gamle dagar". Motsett paradoks. Enklare samfunn. Men arbeidsoppgåvene var langt meir mangfaldige, og livsstilen og livsforståinga meir "multimodal".

fredag 26. mars 2021

Mathieu, leiande musikkteoretiker. Musikk er kroppsleg - musikken kan kome utanfrå, men også innanfrå - og ut i kroppen, djupt inni og i dei ytre lemer. Språket kan ikkje unngå metaforar, for å freiste å "gripe" (metafor! "metafor" er også ein metafor!) røyndomen - og kommunisere den. Musikalsk språk er fullt av kroppslege og "handgripelege" metaforar. Ikkje berre kropp - heile mennesket, for øvrig (kjensler, tankar etc.) Vi har fullt av "menneskelege" og komplekse reaksjonar og responsar når vi...tek imot? erfarer? tek del? kjenner? uttrykker? musikk. I det heile har musikk ein tett kjerne, seier Mathieu, men svært uklare ytre grenser. På mange vis er "alt musikk" også, for musikken spring ut av røyndomens fenomen (det guddomelege mysteriet, inkarnert i skaparverkets "logos").

torsdag 25. mars 2021

Musikk er godt, mellom anna fordi det er eit uttrykk for, og ein portal inn i, heile røyndomen. Eigentleg er eitkvart (naturlege) fenomen slik. Ingen grenser for innfallsvinklar og perspektiv, ingen grenser for djubde. Så lenge ein let "fenomenet" få forrang, ikkje våre system og teoriar. Musikk spring dels ut av afrikanske stammetradisjonar, der musikk er eit uttrykk for gruppas indre og ytre liv, seier H. Galper. "Lyden av eit liv", eller "lyden av eit landskap", eller djupare "lyden av det guddomelege, situert på denne stad" (liturgi er ei eksplisering av dette, men skaparverket er ein guddomeleg liturgi som heilskap, iflg. tradisjonane). Eit band, ei gruppe, eit kor er meir enn summen av delane - og dei uttrykker ein "kultur", noko som veks, i gruppa.

tirsdag 23. mars 2021

"Gåve" - eit stort tema i moderne teologi. Interessante ting. Gåver er viktige, og det er alltid "strings attached". Jesus gjorde opprør mot eit gåve-system som slavebandt folk i "patron-client"-system. Men rett forstått er gåve-økonomi noko essensielt menneskeleg. Å gje ei gåve er faktisk ein stor kunst. Gåva må vere av "rett verdi" (ikkje for dyr, ikkje for billig). Til "rett tid" (ved besøk, bursdag, jol, livshending). Av "rett type" (gjerne noko handlaga, noko gjennomtenkt og personleg). Ei gåve bind eit band. Den skal gjevast fritt, for Gud elskar ein glad gjevar. Men samstundes skaper gåva fellesskap, forventning. Finurleg. Mat-gåver og handverksgåver kan ofte vere dei beste. Russisk kultur har mykje interessant om desse tinga.

mandag 22. mars 2021

Seymour skriv om jord og dyrking. Jord treng kontinuerleg tilførsel av mineral, bakteriar (whatnot). Difor treng jorda dyr, og dyra treng jord. Jorda treng også luft, regn, vind o. a. Men det er ein syklus - dyr (inkl. oss) et av jorda, gjødslar, det blir nye planter, som blir etne etc. Det er djup visdom her, i "syklusen", og vi er ein del av den, med kropp og sjel og ånd. Bibelen har elles mykje stoff om slike prosessar, særleg i salmane, men også i mange andre stader. I den grad vi kan, er det noko naturleg og sunt i å kome i kontakt med dei større prosessane i skaparverket, trur eg.

søndag 21. mars 2021

Wehrs søvnstudium. Kva med mørke 14 timar i døgnet? Som i det pre-moderne, utan elektrisk ljos, på vinteren. Eg las om dette i Monsens bok, Norge på langs. Ei hytte i nord, der dei overvintra. Veret var for tøft, dei måtte berre sove og kvile. Kroppane vart lækte. Wehrs studium: 3 veker med 11 timar søvn i døgnet, for å "ta att". Så: 8 timar, men med opphold midt på natta. "Tenk på alle fordelane med straum og ljos!" Kanskje det. Men også baksider.

lørdag 20. mars 2021

Jakt er finurleg. Kvifor jakte? Eg kan tenke mange grunnar - men ikkje alle er så likeframme i moderne tid. Åpenbart: Mat i form av kraftbein, innmat, muskelkjøt, senemateriale (etc.) Bruk av bein, pels, hovar o. a. til klede, reiskapar og pyntegjenstandar. Uttrykke vår indre natur som menneske - aggresjon og jaktinstinkt og orientering i naturlege omgjevnader. Ta del i vårt økologiske system, finne vår nisje. Drive røkt av dyrestammer (trengst dette? Klarer vi det?) I alle høve er det viktig å ha respekt for byttet, både dets liv og dets bruk.

fredag 19. mars 2021

Kva stadium skal ein gå attende til? Stor problemstilling. 10k år bakover? Før-industrielt agrarsamfunn? 1950-talet? Kva er vi menneske evolvert til - kva er vår natur - kvar utfaldast vi?

torsdag 18. mars 2021

Mål/retning: Effektivisere, minske arbeid, automatisere. Paradoks: Arbeid er menneskeleg, og gjer oss til menneske. Men rett og sunt arbeid. Nett-surfing er også arbeid(!) For marknadskreftene (det ligg alltid ei lenke rundt hjørnet, med noko du kan bruke pengar på).

onsdag 17. mars 2021

Når statsmakta går underlege og usunne vegar, må ein arbeide for meir sjølvstende. Men ingen er ei øy, alle treng ein kultur og tradisjon og eit/fleire fellesskap å høyre til i.

fredag 12. mars 2021

Set at Gud vil ha liv, og livsfrukt er ei gåve frå Herren. Der det er liv, der er naturen i gang. Skjønt - det same kan også seiast om død - døden er ein prosess som også held skaparverket i gang. Men kva der det ikkje er noko? Der liv og død og nytt liv berre blir borte? Kan det vere godt? Det er dette vestlege samfunn no freistar å seie.

mandag 8. mars 2021

Eller kanskje ein kunne seie det slik. Etter konsekvensene av energimangel, vil mykje bli omlagt, og samfunnet vil i mangt vende attende til meir tradisjonelle levemåtar. Dette vil også prege generelle levemønster, samfunnsformer og samfunnsroller.

søndag 7. mars 2021

Truskap er ei dygd. Tru mot kva? Gud? Familie? Vener? Folk? Land? Natur? Artsfellesskap? Kultur? Tradisjon? Framande tankar for moderne nordmenn. Men verdiar og ideal får konsekvenser i kvardagen.

fredag 5. mars 2021

"Moderne" - notidig, framtidig, i harmoni. Kontinuerleg. Fortida er bak, tilbakelagt. Verda går framover. Historia er eit mørkt bakteppe. Denne tankegangen er i endring - tek slutt. Historia blir relevant og aktuell att. Longue duree.

torsdag 4. mars 2021

Kva kultur/tradisjon/miljø bør ein i dag vende seg til for å leve med visdom?