fredag 15. mai 2020

Jo meir eg tenker på det, jo meir skjønar eg. Ingen kan bere seg sjølv, ingen kan konstruere seg sjølv, ingen kan lære seg sjølv å leve, ingen kan leve for seg sjølv. Livet er ekstremt komplekst. Ein lærer ved imitasjon, ved å "vere", ved å observere, ved å la seg forme, ved å gå med straumen. Det føreset at ein høyrer til eit sunt fellesskap, eller, fleire sunne fellesskap. Ein kan seie: "Eg skal bryte ut av fellesskapet, og bestemme sjølv, og forme meg sjølv." Det er ikkje mogleg. Overalt i kultur og natur er det ekstrem kompleksitet og ekstrem djubde - faktisk eit mysterium. Fridom må ein ha. Men absolutt fridom er umogleg.

Um å bera

Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.
Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.
Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm
er den glede
som du vil ha åleine.
Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.
Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn –
Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.
Jan-Magnus Bruheim

2 kommentarer:

  1. Dette var utrolig godt sagt. Jeg kopierte det for å eie det.

    SvarSlett
  2. Ja, det var hyggeleg. Eg skreiv det fordi det er noko ekte ved det, så å seie, noko eg erfarer i eige liv. Talast no i helga, tenker eg. Er i Kviteseid før og etter 17. mai, eg skal sjå om det kan høve å besøke dykk.

    SvarSlett