onsdag 29. april 2020

I går gjekk eg i ei fjellside som litt mot sør, over Skafsåberget. Det var kjempeflott natur. Men det mest spennande var: Eg var kledd i naturfargar. Eg gjekk roleg oppover. Eg sette meg roleg ned. Tenkte å drikke kaffi. Eg høyrde ein lyd. Sat heilt stille. Høyrde ein lyd til. Tenkte: "No sit eg stille til dyret avslører seg sjølv". Eg sat ei stund musestille. Eg stirra intenst på området der lyden kom frå, men såg ingenting.

Så skjedde det noko. Nett der eg stirra, såg noko lite og svart som rørte seg, rundt 20-30 m. unna, bortanfor ei lita kløft. "...kva er det for noko...?" Plutseleg ser eg det: Eg har site og stirra på ein stor elg som stod stille, men utan å leggje merke til det. No bevega heile elgen på seg, og då steig den ut av landskapet, så å seie. Den stirra rett på meg. Eg stirra attende. Det var nokre greiner mellom oss. Så byrja den å ete litt. Eg prøva å kome nærare. Plutseleg ser eg ein elg til, litt lenger bak. Eg sat og såg på dei, kanskje 3-4 minutt. Så gjekk dei nedover fjellsida.

Noko av det eg skjøna:

Elgen laga også lyd. Den var ikkje 100% stille.

Elgen stansa opp når den var usikker, og stod stille.

Elgen såg seg rundt for å orientere seg.

Elgen bevega seg roleg og grasiøst, utan stress.



Eg gjekk vidare nedover fjellsida. Roleg. Eg har lese om dette med "animal tracking", at det er viktig å gå sakte og roleg. Det gav avkastning. Litt lenger nede var det ein brun og kvit hare foran meg, den sprang fort unna, men eg fekk eit lite blikk av han. Eg prøva å fylgje den, slik seg hør og bør, men fann ikkje the rabbit hole.



I dag gjekk eg eit stykke på lårdalsstigen. Har vore der oppe tre gonger før i vår, men har vore for mykje snø kvar gong. No er det meste smelta. Eg kom forbi dei forferdelege (men kanskje nødvendige) straummastene, og inn i skogen. Spennande husmannsplassar ligg der. Det var nok eit hardt liv, skjønt, avlingane var gode, og dei kunne ha mykje dyr. Eg kunne godt ha tenkt meg å bu der, om det var mogleg. Kanskje ha ei hytte der.

Uansett. Dette er gamalskog, for det er svært ulendt og vilt terreng. Eg har aldri opplevd så mysteriøs og spennande skog før. Her var enormt med rotne og brotne tre. Masse teikn etter dyr som har grave og gnaga og laga hol og gått stiar og lagt att spor. Det rare med trea var, både at det var så mange rare og knekte tre - men også at sjølv dei mest øydelagte av dei var fulle av liv og friske skot og grøne blad. Merkeleg å sjå.

Oppi lia såg eg eit ekorn, og på veg ned såg eg to menneskedyr, som eg også kunne kommunisere godt og meiningsfullt med, og som gav meg trøyst og glede. Men skogen der oppe er verkeleg underleg, må eg altså seie. Det skal bli spennande å reise attende dit.

Noko anna underleg. Når eg står i høgda, ser eg Bandak som strekker seg austover. Eg ser vegen som snor seg mot Bandaksli. Eg ser Roan, eg ser Hægefjell, eg ser inn mot Lårdal, eg ser Skafså og fjella ved Hallbjønnsekken, og Visåskyrkja. Eg ser ryggen som strekker seg mot Krossli og Vråliosen - og vidare inn mot Dale og Ljosvatn og Roholtsfjell. Det er heimskleg, det er min kultur, det er min heimstad, det er kyrkjeleg og det er tradisjon og det er generasjonar som har gått føre. Og no kviler også min bror her, ved sida av sine forfedre, i vigsla jord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar