(Der eg freistar å skrive ærleg om det som betyr noko - særleg for meg - og der lesaren kan dele sine tankar i respons)
søndag 19. april 2020
Eg ser på ekorna som leikar. Dei lagar morosame lydar og hoppar frå tre til tre og leikar sisten. Opp og ned trestammene, opp og ned. Eg ser hakkespetten som hakkar, og flyg frå tre til tre. Eg ser svartmeisen som flyg og let alarmsignalet lyde, for å verne reiret sitt. Eg ser storfuglane som flyg frå trea. Tre og lyng og mose. Vi er i slekt med alt saman, deler mykje DNA med det, jamvel. Har mykje til felles. Men som menneske høyrer vi fyrst og fremst i lag med andre menneske, i vår økologiske nisje i den store samanhengen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar