mandag 17. februar 2020

Kan ein vere musikalsk geni som barn? På éin måte. Eit barn kan plukke opp ting fort, og imitere, og la seg forme. Men eit verkeleg kreativt musikalsk geni, som barn? Nei, eg trur ikkje det.

Ta det norske stjerneskotet Angelina. Ho er flink til å synge, og har nok musikalitet i kroppen. Men det er heilt klart at songstilen og stemmebruken hennar har ei tydeleg kulturhistorie (jazz, 30-40-talet, rock og pop etc.)

Jo meir eg les og lærer og spelar musikk, så skjønar eg jo at eit vestleg musikkuttrykk har ei spesifikk kulturell historie, så å seie. Og einkvar som høyrer musikk i vesten i dag, inkorporerer denne, på ekstremt komplekst vis. Utan å nødvendigvis vere klar over det.

Nokon vil seie: Bach er tidlaus, perfekt, objektiv musikk, som reflekterer Guds skaparverk. Mja, sant på nokre vis. Ein kan seie at det er noko platonsk og pytagoreisk over Bachs musikk, liksom den også loddar djubder i psyke og kristen tradisjon.

Men Bach står også i ein kontekst, ein kontekst som det tok meg veldig mange år å i det heile teke få eit glimt av. Han kopierer musikkstilar, som spring ut av visse kulturar, han opererer med skalaar og harmoniar og intervall og stemmingar som har ei kulturhistorie, han reflekterer ein særskilt kulturell epoke og mentalitet, på komplekst vis.

Ingen kan gå ut av si eiga tid og heve seg over den. Eit barn har nok også sin musikalitet inni seg, i naturen, slik også til dømes fuglar eller hundar kan ha det. Men å utøve og komponere musikk er også i stort mon basert på kulturell læring. Sann kreativitet blir då, som Greenberg poengterer, å lære, imitere, ha førebilete. Så gjere små endringar sjølv.

Ta anna døme: Ved kvart vegskilje i ein harmonisk progresjon er det eigentleg ei enorm mengd med "val" ein kan ta. Den som kjenner musikk godt, og har transkribert, spela, komponert, lese, lytta, lært, veit dette. "Melodien gjekk den vegen, med den tonen, med den harmonien og den kadensen" etc. Men den kunne gått tusen andre vegar.

V7 vil gå mot I, men kan også gå mot noko anna, ikkje sant.

Ved kvar krossveg kan ein stanse opp, tenke seg veldig nøye om, og sjå havet av moglegheiter. Dersom nokon "berre spelar noko", så stenger ein alle desse vala, og veljer noko. Kvifor nett *dette*? Ein har plukka det opp ein stad, lytta, høyrt, og gjev det ein personleg twist. Det ein ikkje gjer, er å rekapitulere 2000 år med musikkhistorie, tenke gjennom utviklingsfasane og dei enorme valmoglegheitene, og så velje: "Dette", fordi det lét genialt eller vakkert.

Sann og djup kreativitet krev at ein "inhabits a tradition", som legg fram moglege vegar. Har ein ingen tradisjon, eller har ein aldri høyrt musikk før, er vegvalet svært avgrensa, i alle fall reint harmonisk. Det er noko å lære her. Altså, at musikalsk tradisjon blir veldig viktig. Og også å ha læremeisterar. (Alle dei store i historia hadde det).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar