mandag 17. februar 2020

I dag var eg på Heia. Det var mykje vind, sein ettermiddag. Eg tenkte eg skulle gå ein tur og kjenne på vinden. Eg gjekk der snoen var smelta. Inn i skogen. Kledd i svart og grått. "Jaja, eg liknar på stein no." Jo meir eg går i skogen, jo meir vil eg likne på den, bli eitt med den, eg kjenner det er noko lækjande ved det, og når folk ser fargane, likar dei det også. Men grått og svart i dag.

Eg gjekk opp til vass-skiljet, aust mot vest, mot Vrådal eller Kviteseid. Det går ein sti på toppen av den, med utsikt til både Vrådal og Brokefjell. Det er ein herleg sti, med stemningsfull furuskog og lyng. Eg gjekk vidare, og stansa opp litt. Masse fuglekvitter og fuglar. Eg tenkte: Eg får gå rett nedover mot skogsbilvegen. Inn i tett skog.

Vi gjekk der tidlegare i vinter. Det var masse storfugl der. Eg ville sjå om eg kunne snike meg til å sjå nokon. Eg høyrde dei flaksa. Men det var masse småfugl der. Dei kvitra. Eg kvitra attende. Fleire av dei kom nærare, ganske tett, og kvitra, dei også. Eg sneik meg litt vidare, stille. Der - 20 m. borte i skogen, var det ein stor elg, som traska tungt forbi. Den hadde lagt merke til meg, og gjekk forbi meg. Eg freista å fylgje etter, men den var borte.

Men eg visste at det var eit område med mykje elg, eg har sett veldig mykje spor og ekskrement der oppe. Det er masse dyreliv i området der, altså - masse. Neste langsiktige plan. Lære meg spor, ekskrement etc. så eg veit kva dyr det er. Setje opp observasjonspost som fotobonden. Overnatte og og observere. Anna langsiktig mål. Få meir klede som liknar på dyr og skog.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar