tirsdag 4. februar 2020

Eg såg ein svartspett medan eg var ute og vandra i ei fjellside. Eg gjekk eit stykke unna. Den hakka. Så stansa den og song. Eg tenkte: "Den er redd for meg, og varslar om fare." Eg stansa opp litt. Den byrja å hakke att. Eg gjekk forbi, gjekk vidare. Då song den om att. "Rart", tenkte eg. Eg stansa opp att. Den hakka. Eg gjekk vidare, litt lenger unna. Då song den på nytt.

"Kan det tenkast at den likar mitt selskap?" Det var berre oss som lagde lyd der. Eg byrja å etterlikne den, synge attende til den. Den svara. Mange gonger. Fram og attende. Eg såg på meg sjølv. Svart jakke. Eg likna no vel eigentleg litt på den også. Den hakka hardt. Eg gjekk vidare.

2 kommentarer:

  1. sorry - meg igjen: jeg tror sikker fuglen ga respons, men jeg lurer på hva den sa og hva du tolket i situasjonen? Tipper jeg rett, tenkte du dette var jo koselig. Jeg googlet "svartspett" og i snl sto det: "Fuglene er ofte aggressive mot hverandre, og disputter mellom hanner er vanlig. Men også hunner kan jage hverandre. Etablerte svartspetter er sterkt knyttete til sovehull, som forsvares aggressivt. Hannen sover ofte i det siste reirhullet etter at hekkingen er over." Kanskje den innså at du ikke var en fugl, og ikke en konkurrent i livet... eller kanskje den kranglet forferdelig!

    SvarSlett
  2. Hehe. Kven veit. Nei, det var det som var rart. Eg trudde fyrst den berre var aggressiv og ville ha meg unna. Men så vart eg verkeleg meir i tvil om det. Kanskje den ville ha litt godarta konkurranse :)

    SvarSlett