mandag 6. januar 2020

Ein kan godt ha ein god gitarist, men utan rytme og bass, blir det ikkje groove. Det er det som gjer LZ så spesielt. Kombinasjonen. Det tenkte eg på då eg høyrde denne att, frå 03:45. Bass og stortromme er veldig tight, veldig ekstatisk, nesten som jungel-tromme-dans.



Bøker om LZ ber titlar som "Hammer of the gods", "When giants walked the earth". Andre tek utdrag frå tekstane. "Houses of the holy", "All will be revealed". Det er interessant. Det er slik det er i moderne kultur, i alle fall dei siste tiåra. Dvs. at 65-75 er så å seie ei tid for profeti og forming av tradisjon, ei tid då himmelen opna seg og det transcendente kom til syne. Dvs. slik er på mange vis oppfatninga i kulturen.

 For Page og Plant var jo dette også medvite, på ein måte, dei var i alle fall eksplisitt interessert i mystikk, romantikk, fantasy, og religiøse røter til blues og folk. Men det får meg til å tenke, på kva som eigentleg skjer, i overgangen mellom kristendom/religion og musikk. Det er flytande overgangar. Også tankevekkande med "spiritualiteten" i rock-kulturen. Det var mykje moro og mykje destruktivt. Sex, drugs and rocknroll var det, ja. Bonham døydde av det, Page vart heroinmisbrukar, Plant og Jones hadde også sine rough times.

Det var intenst, ekstatisk, opprørsk, destruktivt. Godt og vondt, kan ein seie. Ein leika med elden, på mange vis. Som Rolling Stones, som eplekjekt tala om sympati med djevelen etc., inntil det gjekk over streken ved Altamont, der folk vart drepne og skadde under konserten deira. Harrison fortel at det var ei viktig årsak til at han vendte seg meir mot austleg spiritualitet. Han hadde forhåpningar til Woodstock, men då han kom dit, oppfatta han at det var mest rus og apati.

Så det er ein kompleks periode, må ein vel seie. Veldig interessant også.

3 kommentarer:

  1. Det er perspektiv på det hele som kan gi mening. Jeg husker jeg gikk inn ien slags butikk (bule) - en gang på 70 tallet - , og Led Zeppelin var stor der; det luktet underlig, ekkelt, det var dim belysninig og mye hippie-tøy. Det virket skremmende, og jeg kjøpte en liten fløyte og kom meg ut for å puste. Gatestøv og blyeksos kjentes som frisk luft. Det var godt å bli kristen i den tida. Da ble det en annen autoritet som livsgrunn, noe ga liv og håp. Gud er en tålmodig Gud, og ha lar oss ta den tid vi trenger i endring. Det var vel ikke min kunnskap om Gud eller om kristen livsførsel som hjalp meg den gangen. Det var Gud.

    SvarSlett
  2. Hm. Ei interessant erfaring, takk for at du delar. Eg trur nok eg kan forstå noko av erfaringa di.

    Eit anna poeng: Då eg var 10-12 år, høyrde eg mykje på "eurodance". Det var data-dansemusikk med masse fargar og rytmar. Ganske festleg musikk, ikkje så høg kvalitet. Men det er éin ting å høyre slik musikk for meg sjølv, eller på klassefest etc. Noko anna var heile den sosiologisk-kulturelle "settingen" som musikken vart til i. Det var jo 90-talet, liberalisering på mange vis, klubbkultur, dans. Det var ei "verd" eg hadde liten tilgang til, så musikken fekk ei ganske anna meining for meg, på eit vis, enn for dei som levde i den verda.

    SvarSlett
  3. Var for øvrig litt som då eg var i ein polsk by i sumar. Det var ein butikk i ei trong gate som reklamerte med sal av urtete. Vi gjekk inn for å sjå, lenger og lenger inn. Det var ein morsk vektar ved inngangen, og folk som såg etter oss. Viste seg at butikken, i ein mørk kjellar, var ei bule som selte litt te, men mest hasj og diverse rusartiklar. Hehe. "Takk for titten" XD

    SvarSlett