torsdag 19. desember 2019

Habermas gjev ut sitt verk om tru og viten. Novel. Usikker på om det er interessant, eigentleg. Ein må djupt ned, djupt!, om ein skal kome til rette med dei vestlege utfordringane. Er vestleg filosofi i rasjonalistisk-logisk form i det heile den primære arenaen for å forholde seg sunt og rett til røyndomen? Eg tvilar på det.

Og om ein så gjev seg i kast med denne arenaen, kva skal ein gå for? Det er jo verkeleg eit spørsmål. Dette feltet er uansett ikkje primært, men sekundært, som ein etter-tanke, eit forsøk på å systematisere og søke forståing.

Interessant. Berman peikar på at logisk rasjonalisme og systembyggjing er ein primær tradisjon i vesten. Platon, Aquinas, Descartes etc. Men det finst mot-tradisjonar. Som kan betone det mystiske og ekstatiske. Eller: Det materielle og kroppslege. Eller: Væren, eksistens, livet i seg sjølv.

Dvs. som vegar til forståing og djubde og "det guddomelege", så å seie. Og eg forstår sjølv meir og meir at alle desse vegane er viktige på sine vis.

Vel, eg er nok på eitt eller anna nivå antikk platoniker. (Antikk filosofi var også mykje mystisk-religiøs, i sine røter). Men faste system har eg ikkje så mykje trua på, unnateke som "forsøk". Og "tanke" og "logikk" og "rasjonalitet" er nok langt mindre viktige for livet og den eksistensielle forståinga enn vestleg modernitet har tenkt. Skjønt, når vi fyrst talar og søker forståing, kan rasjonalitet og logikk i det minste halde oss nokonlunde på sporet, og luke ut åpenbart feilaktige forståingar og påstandar.

Om no presten skal tale, så er det klart at den antikke, greske bakgrunnen er svært viktig for NT og for kristendomen i det heile. Den er heilt vevd inn i jødedomen og kristendomen, sjølv om det pågår ein kritisk dialog i tradisjonane (berre les Paulus, ein "hellenist" som også stadig må avgrense seg mot "verdsleg visdom").

Jamvel Jesus Kristus vert i sterk grad forstått ut frå gresk teologi. Som altså på mange vis heller ikkje berre er "gresk", men som er del av ein breiare kulturstraum i antikken. Kristus er "logos spermatikos", Gud under vesen av det levande og strukturerte og skapande, kan ein seie. Det er såleis "logos" som sameinast med menneskeleg natur - "Jesus" - i inkarnasjonen. Dvs. slik går den teologiske refleksjonen i NT.

Dette løyser mange problem, og skaper også mange andre problem. Men meininga med livet er no uansett ikkje primært å tenke, eller å forstå, men å: Leve, "til Guds ære". Ens et verum convertunter; ens et bonum convertunter. Så - væren og sanning og godleik (og sanning) er ord for det same.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar