lørdag 7. desember 2019

Ang. musikk, er det interessant. Det er gøy å arbeide med musikken eg kjenner så godt, analysere, lære å spele den, finne ut meir.

Eg har bestilt bøker om musikkhistorie, og eg lærer klassisk teori og jazzteori. Øvar på "fingerpicking" og folk-tradisjonar. Og eg får utøve det også. I gravferd, på quiz, i konfirmanttimar, på eldresamlingar, i gudstenester.

Noko eg lærer, som er interessant.

At ting går i tradisjonar. Innan musikk lærer folk gjerne å spele stykke. Dei får "læremeisterar", anten det er Bach, Beethoven, Chet Atkins, Beatles, Pat Metheny. Ein lærer det denne personen kan, og kan så gå vidare og utvide - om ein vil.

Men tradisjonar kan ha rikt jordsmonn, eller skrint. Svært interessant for meg. Jazz frå 60-talet, er avansert. Dei henta inspirasjon frå både blues og swing og klassisk, ikkje sant. Rike tradisjonar. Det slår sjeldan feil også. I rock og pop når det er interessante og komplekse harmoniar, så har artistane på eitt eller anna vis kontakt med rike kjelder. Anten ved sjølve å ha seriøs musikkutdanning i noko form. Eller at dei har lært ved å spele artistar som har slike rike forråd.

Som får meg til å tenke på musikken no for tida, i vår kultur. Piano har ofte kontakt med rike kjelder, men gitar...? Ofte ikkje. Ein kan lære å spele artistar, men ein lærer ofte ikkje den harmoniske logikken i musikken. No er musikk meir enn harmoni og logikk, men desse tinga er jo verkeleg viktige. Og mykje musikk i dag er ganske "devoid" for interessante ting på dette området. Det er ei slags kulturell utarming. Som ein kjent norsk, ung artist sa: "Det er lett å lage musikk i dag. Ein treng berre datamaskin og program, då går det fort."

Det er musikk, det er klart. Men...hm...det er ikkje djubde - inn i røyndomen, ned i det menneskelege. Så, mange vegar ein kan frå denne erkjenninga. Komplekst felt, det er sikkert. Og eg tenker stundom på dyra, at dei også må lære oss noko om musikk. Musikk kan vere "dyrisk" og autentisk utan nødvendigvis å ha masse teori i botnen. Men, det er jo viktig at born som lærer musikk, faktisk lærer ordentleg teori, og kjem i kontakt med musikalske kjelder som gjer bruk av desse tinga, og forstår det. Jaja - ting er lettare når ein er eldre og forstår meir av verda!!

Beato er god, og oppsummerer mykje, og set det i kontakt med pop og rock. Excellent!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar