onsdag 13. november 2019



Veldig interessant, dette her. Eg lærer piano. Det er så mykje lettare no enn før. Eg veit mykje meir kva eg bør øve på, og kvar eg finn lærestoffet. Det er svært mykje meir effektivt enn før. Eg er på sett og vis min eigen lærar. Det fungerer greitt når eg berre er amatør.

Genesis ovanfor elska eg som ungdom, særleg då Selling England og Lamb lies down. Ein kan tenke at ein skal lære å spele Genesis på piano ved å "pugge" noter, lære songen utanboks. Sikkert ikkje så dumt. Slik må gjerne pianistar byrje.

Men i dag veit eg jo at det går langt betre når ein verkeleg forstår harmoniane, forstår kvifor den og den akkorden høyrer i lag, kvifor melodien går hit og dit. Øve opp gehøret til å kjenne att intervall, progresjonar. Eg såg eit foredrag med ein profesjonell pianist. Ho sa det var slik ho arbeidde med stykke. Spele, studere, gruble, forstå, arbeide seg gjennom. For kvart stykke hadde ho "covered more ground".

Og dette er ikkje berre enkelt, med Genesis. Banks er verkeleg klassisk skolert. Allereie som 11-åring, seier han her, spela han Rachmaninoff og Ravel :-s 11 år. Seinare Vaughan Williams, Elgar, Holst. Ikkje for alle. Men for dei som likar det, og er motiverte, er det veldig viktig å pøse på med seriøse musikktradisjonar.

Banks nemner også moderne musikk. Kinks, Beach Boys, Zombies, Animals, Emerson. Interessant! Brian Wilson i Beach Boys var autodidakt, han lærte musikk ved å transkribere barbershop musikk, dvs. kompleks kor-jazz. Ting går i tradisjonar, ofte langs kronglete vegar.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar