fredag 8. november 2019

Så det er ikkje bra å drikke seg full. Alkoholisme er forferdeleg. (Verkeleg)

Men.

Vi har også noko i kroppen og hovudet som gjev oss glede og nyting. Det "passar" med ting i verda, i tankar og kjensler, handlingar og erfaringar. Altfor reduksjonistisk å kalle det "dopamin".

Rus er faktisk noko sunt, naudsynt, naturleg - i rette rammer. Trur det er viktig å poengtere det også. Det kan vere godt å jage etter det som gjev gode kjensler. I rette rammer, altså, i harmoni, liksom.

("Rammer", "harmoni". Kva metaforar er det? Meiner eg det eg seier - er det gode og sunne metaforar? Harmoni - ja. Men til harmonien høyrer også dissonante intervall, som skaper spenning, som driv framover, som vekker djupe kjensler. Rammer - ja. Men rus er også knytt til det grenseoverskridande, hengivande, ek-stase - dvs. ut av ro)

Ein kan ruse seg på TV eller big macs, det er ikkje bra. Men ein kan ruse seg på natur, fellesskap, spel, dans, musikk, seksualitet, måloppnåing, utforsking. Det er menneskeleg, naturleg. Best å halde seg til det naturlege, trur eg.

Han her lærte meg mykje om det:

Bilderesultat for hacking of the american mind

Også dyr og planter "rusar seg" i denne forstand. Dei har dei same kjemikaliene, så å seie, dei same mekanismane. Språket mitt er altfor reduksjonistisk no! "Kjemikalier". "Mekanisme". Fysj og føy. Vi har ikkje godt språk for desse tinga, har vi det? Kva er det språket? Kan hugse frå tredje klasse at J Gaarder skreiv noko om det i Jolemysteriet.

Eg las i går om jeger-og-sanke samfunn. At dei ofte kunne leve så nær naturen, og vere så untainted av moderne materialistisk metafysikk, at naturen hadde ein eigen "glow" i seg sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar