tirsdag 5. november 2019

Kva er djupstrukturane for at sunn kommunikasjon skal vere mogleg? Kva "verdiar", "premiss", "sams skikkar" etc. må vere der, for at vi kan opne våre indre rom for kvarandre, og kome kvarandre i møte? At vi kan vere ærlege og sårbare med kvarandre? Ein kjem raskt inn på det eksistensielle. Dei djupaste spørsmåla og temaa. Ting som kan vere konfliktfylte og smertefulle - men også ting som kan vere potensiale for at noko djupt og inderleg og trygt kan vekse fram. Religionen er i hjarta av kulturen, og sjølvsagt gudsbiletet. Så kva skjer i ein kultur der det religiøse og guddomelege blir såpass "fraught" og vanskeleg at kulturen i staden heller mot å isolere det eksistensielle komplekset?

Det er tematikk i Fosse sine verk. Eg skjøna nyleg at NRK Fjernsynsteatret har eit vell av gode produksjonar liggjande på sine nettsider. Alt frå Antigone til Kong Lair til...ja - Fosse. Fosse sitt spel "Namnet" er tankevekkande. I ein forstand er spelet "berre tull", for deltakarane snakkar ikkje med kvarandre. Dei "bryt av" konstant, og fullfører ikkje setningane når dei kjem inn på noko faktisk viktig. Eller: Dei avbryt kvarandre, når nokon er i ferd med å seie noko verkeleg viktig. I ein annan forstand drøftar spelet i kva grad reell og djup kommunikasjon er mogleg i moderne kultur.

HER, og analyse HER.

Det er ein viktig og spennande tematikk, og eg har respekt for problemstillinga, for å seie det slik. Sjølv tyr eg ofte til song og musikk for å "tale det useielege". Metafor, analogi, poesi, kunst. Dermed er ein også raskt inne på det eksistensielle, det "religiøse", og moderne norsk positivisme-erkjenningsteori er god så langt det rekk, men den rekk ikkje langt nok, by far. Eg har også skjøna kva eg ikkje har skjøna før, at det er ei tid for å tale, ei tid for å teie, og at det krev visdom og skjelning å vite når ein bør gjere kvart av dei. Berre "fools, madmen and prophets" - eller "barn og fulle menneske" - kan alltid seie det dei trur er sant. Men ikkje det- profetar trengst også. Og borna kan lære vaksne menneske å - bli born att.

Fosse-intervju att, HER.

3 kommentarer:

  1. Du har en egen evne til å formulere spørsmål om livet som sitter igjen i sjelen, som jeg dveler ved. Det er som om det ligger lag på lag med beskyttelse, og det er ingen enkel sak å komme ned i sitt eget dyp. Veien dit er også konfliktfylt, for jeg har tross alt også selvinnsikt, selvkritikk og lar meg ikke falle inn i selvmedlidenhet.

    Kommunikasjon, hvor det mangler felles referanser, er ufattelig komplisert, og nå snakker jeg ikke om ulike kulturer. Når kodespråk blir eneste utvei, fordi referansene har falt ned i et glemselens mørke, står vi overfor det uforståelige. Ord har mistet sin mening. Mange ord flommer imot en, i intens enetale, men de når ikke fram til mottakeren. Det er som å stå i en sterk storm, hvor regnet pisker hardt mot ansiktet, og en kjenner ikke den ene dråpen. Ord blir til flom. Time etter time. Til slutt må en si noe: «jeg må ha en pause».
    Stormen stilner. Det blir taust.
    Gradvis lærer en å finne mønster i kodene, finne tema – det er tolkningen som skaper dem, for ordene er for livsfjerne. Tolkning av det som kanskje sies, blir neste forsøk. Det må finnes en vei tilbake til felles rammer, felles referanser...? Men det lytteren ikke vet, fordi hun er fullstendig forvirret av alle ordene, er at den som snakker, fortsatt forstår hennes referanser. Det hun sier, gir mening. Det alle sier, gir mening, men responsen er uforståelig for dem. Det er ganske vanlig å tro og tenke at den som snakker uten å bli forstått, selv ikke kan forstå det som blir sagt – men slik er det altså nødvendigvis ikke. Sammenbrudd i kommunikasjon er ikke det samme som sammenbrudd i forståelse.

    ...jeg hadde mer på papiret, men redigerte det bort... Du snakker om «sunn» kommunikasjon. Her kommer trygghet inn, inspirasjon, ønske om å dele...men det er mange sperrer. Jeg kjenner på sosiale og moralske sperrer. Ikke alt skal sies. Ikke alt er rett å dele. En møter seg selv i døra gjenspeilt i en annens blikk, om en deler det som er flaut eller uforløst. Men ‘alt er nakent og bart for hans øyne som vi har å gjøre med’. Gud kjenner, Gud vet, og det er en god trøst. Jeg har intet å skjule for ham, men jeg har vel det for andre.
    På tross av mange lag med sperrer, med egen beskyttelse, kan vi finne fram til den fantastiske fellesskapsfølelsen som ligger i sam-væren, og den er mer enn ord.

    SvarSlett
  2. Ja, takk for at du delar. Å kome ned i sitt eige djup, er ikkje også det å kome nærare...sjølve eksistensen? Eg tenkte på dette då eg sat i bilen i dag. Eg høyrde på ein podcast om ayahuasca (eigentleg om livskvalitet i hunter-gatherer groups), eit psykedelisk stoff som er veldig "in" for tida. Det gjer visst at ein mistar forsvar og hemningar. Mistar "lag på lag". Det er visst vanleg at ein må bli halden fysisk fast på bakken når ein tek det, og at ein har ein trygg person ved sida av seg, som kan rettleie i den mystiske reisa.

    Trur det er mykje av det same som skjer når ein mediterer, er stille. Også veldig vanskeleg å konfliktfylt. Alt mogleg kjem opp, og ein kan ikkje vite kva. "Vandring i indre landskap" er ein veldig god metafor, opplever eg. Eg er veldig usikker på kva som ville skje dersom eg tok Aya. Eg ville nok uttrykt veldig sterke kjensler. Og eg skjønar nok kva det ville fortelje om meg.

    SvarSlett
  3. Nei, det er både viktig og interessant tematikk. Eg kan lure på korleis livet eigentleg skulle vore, men så veit eg i alle fall at det er veldig viktig å gle seg over alt som er godt, om enn det kan verke "lite" og "ufullkome". (Kanskje det eigentleg ikkje er det).

    SvarSlett