søndag 10. november 2019

Kva er det sunne og gode liv? Temaet aktualiserast i dag, når Jesus fortel om den miskunnsame samaritanen, og Jakob fortel om at ein ikkje må gjere skil på folk. Gud har valt ut dei fattige til å arve evig liv.

Dei radikale tekstane er ikkje moglege å leve etter, på bokstaveleg vis. Heller ikkje meininga; tekstane og forteljingane talast ut frå kultur, historie, sosial setting - dei er ikkje "direkte openberra". Men dei peikar i rett retning, må ein tru.

Nordmenn gjer godt, har eit godt samfunn. Men lever "for seg sjølv", i ikkje så liten grad, og brukar rikdomen på eiga nyting. Skjønt, skatten går til fellestiltak. Men elles. Korleis vere miskunnsam samaritan i dag?

Nordmenn passar på kvarandre, som godt er. Men vi øydelegg klima og utnyttar dei fattige i andre delar av verda. Det er systemisk. Korleis leve rettferdig oppi dette?

Det er det ikkje så lett å svare på. Fullt av konfliktar i livet, og her er nokre. Men "lat tekstane tale", tenker no eg. Livet er ei vandring, så får ein freiste å unngå dei verste avvegane, og freiste å vandre som ein rettferdig, "med Gud", slik ein ser det rett.

Korsvei seier:
- Leve enklare
- Søke rettferd
- Fylgje Jesus Kristus
- Vere i fellesskap.

Just about right.

Djupare lurar spørsmål om sjølve sivilisasjonsforma vår. Eg høyrde på radio. Ei dame var heimeverande mor. Ho fortalte om det. Ho elska det. Ho angra ikkje. Ho vart lukkeleg av å bruke hendene til å lage mat, handverk. Ein repr. frå næringslivet gav ein freudian slip. "Vi må hugse på at når vi her snakker om 'rotteracet', så er det jo sånn at en del folk faktisk liker dette livet." Ei djupt tankevekkande innrømming.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar