tirsdag 19. november 2019



Jeff Buckley var "a troubled soul", og sikkert ikkje heilt, hm, i fysisk og psykisk balanse. Men han var ein stor musikalsk inspirasjon. In-spirasjon. Puste inn. Eit ord med djupt teologiske røter. I Bibelen er det ofte ikkje skilnad på Ande, pust, vind.

Eg lyttar til Buckley att fordi eg ser på harmonilæra, og det er mykje å hente hjå han, gitarmessig. Men live at Sin-é hadde eg aldri høyrt. Det er frå då han spela på cafe før han vart ordentleg kjent. Veldig autentisk opptak. Eg tenkte eg ville lytte. "Kva gjer han? Korleis framfører han?" Eg har høyrt songane, mange av dei, før. Hundre gonger, på Grace.

Men denne songen, altså. Kun tramp, klapp og vokal. Oi. Kva er det han gjer, som gjer at det fungerer så bra? Kunne eg framført songen på liknande vis? Ja, eg trur det. Ikkje nett like bra, kanskje, men heller ikkje så langt unna. Men det krev: Mystikk, å gå inn i seg sjølv, at kjensler og kropp og sinnelag blir "eitt".

Noko anna. Kor mykje god framføring er avhengig av energi. Frie energibanar, som ein seier i austen. Kan kyrkja ha frie energibanar? Eg er ikkje så sikker på kor mogleg det er. Kyrkja er ofte oppteken av å hemme og binde, og ofte med god grunn. Mystikk og ek-stase kan vere i motsetning, men ikkje nødvendigvis.

Når Buckley blir "ein", så kjem det fram at han var ganske deprimert. Så eg orkar ikkje så altfor mykje av musikken no om dagen, litt for "tungt." Noko er trass alt betre i dag enn då eg var ung :-s

Buckley gav ut Grace, før han døydde. Slik han så ofte hadde sunge om i songane sine :-s Men Grace er eit meisterverk. Både pga. Buckleys virtuositet og framføring, men også pga. folka han hadde rundt seg, topp musikarar.

I det heile svært tankevekkande for meg når eg les om dei beste musikarane. Ingen kjem seg opp der åleine. Fellesnemnaren er oftast at dei har kome i miljø med svært gode musikarar, og har blitt inspirert (ja) og arbeidd knallhardt for å bli gode.

Underleg, ja.




Bridge rundt 03:00 er, ja, skal vi seie: Inspirert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar