torsdag 7. november 2019

I dag var eg på tur.

I eit tre fem meter unna, fem meter oppi lufta - eit grantre - var det ein flott hakkespett. Den hakka, og var trygg. Hadde fine fargar, klare konturar. Eg såg på den, den heldt fram.

Eg snur meg, går vidare, over eit ståltrådgjerde. Ser bort på ein kolle. Fem fjellsauer ser på meg. Stille. Eg set meg ned. Vi ser på kvarandre. Dei har brunspraglete, tjafsete pels. Dei er som dyr henta frå gamal tid.

Grantreet har konglar, dei skin. Eg har sett dei mange gonger i haust. Dei var rosa og lilla før, tidlegare i vår. No er dei gull. Eg vil gå borttil, plukke ein ned. Dei heng for høgt. Nokre har falle ned. Stor og tung og tjukk. Eg tek av nokre frøblad. Så slik er det. Vår såmann Vind er tru mot gamle vanar. Mange frø, men dei kastast ikkje langt.

Hundre meter lenger nedi bakken kjem ein eg kjenner. Han luftar hundar. Tre stykker. Eg joggar ned for å helse på han. Hundane spring mot meg, hoppar opp, leikar, bit i genseren min. Dei har slett og kort og stri pels å ta på. Dei leikar sisten med kvarandre. Den som har ballen i kjeften, spring; dei andre spring etter. Dei leikar av seg sjølv. Leikeslåss litt.

Vi talar saman, min ven og eg. Han er venleg. Når eg seier noko kritisk om turisme og kultur, vil han ikkje snakke meir. Vi skiljast åt, venleg, og eg går vidare.

Eg stoggar og ser på utsikten. Roholtsfjell er synleg, mykje synleg. Eit mektig fjell, ein ser brystkassa.

Eg går med godt tempo. Eg har beige og grøne klede og sko. Eg går nesten i eitt med fargane på vegen og i naturen.

Nedi bakken, på sletta, høyrer eg lydar frå langt oppi treet. Kva er det? Eg snur meg sakte og går stille attende, og ser oppover i treet. Eg ventar. Har god sikt. Mykje lydar, ja. DER! Eit ekorn spring rundt stammen, er synleg for meg, står stille. Så kjem eit ekorn til etter. Dei leikar visst sisten, dei også. Spring ut på ei grangrein, hoppar over på ei ny.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar