fredag 29. november 2019

Eg høyrde veldig mykje på Led Z, Eric Clapton og anna 70-talsrock då eg var yngre. M. a. også Cream, Who, Smashing, Soundgarden etc. Fyrst no i seinare tid eg forstår kor mykje dei var "indebted" til svart blues frå fyrste halvdel av 1900-talet. Heile den kulturen, mentalitet etc. er også ein djup del av meg. Det er fascinerande.

Eg høyrde gjennom ein del plater frå Rolling Stones 500 (ja, merk namnet på bladet). Skumma. Masse kjent. Men det som greip meg mest, av det eg ikkje hadde høyrt før, var Aretha Franklin. Veldig tankevekkande for meg. Det var djup autentisitet i stemma, som om ein kjem på djupet av noko, kjem nær noko.

Same med ein konsert av BB King som eg høyrde på. King er ingen god teknisk gitarist. Har aldri hatt interesse for han. Så eg tenkte: No må eg høyre for å sjå kva det er som appellerer. Og det er det same. "Feeling", og menneskeleg kontakt. Han har mykje av kulturrøtene i kyrkja frå barndomen, slik så veldig mange av dei tidlege bluesartistane.

Det er noko interessant her, noko viktig. Ei mengd med kultur og erfaring pakka inn i eit musikalsk uttrykk. Også interessant. Bluesen spring ut av kjensle, av røyst og kropp som uttrykker. Det er glidande overgangar mellom, ja, vanleg bruk av røyst og kropp - og musikk. Det er det som gjer uttrykket så autentisk. Alle som brukar røyst, er musikarar :-s Det er sånn. Alle som talar, er kreative. Men ein kan uttrykke seg på ulike måtar.

Yes. Det er legendarisk.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar